on holid on holiday by mistake: Filmomtale: My Name is Bruce

30 november, 2008

Filmomtale: My Name is Bruce

Eg har skrive litt om My Name is Bruce tidlegare. For dei som nett skifta kanal, kan eg oppsummere med at filmen er siste verket til B-filmlegenda Bruce Campbell, og har ein del forventningar knytt til seg av nerdedomen der ute.

Filmen handlar om den utvaska, alkoholiserte skodespelaren Bruce Campbell (Bruce Campbell), som vert kidnappa av ein desperat fan; ikkje for å binda han fast til ei seng og knusa kneskålene hans Misery-style (sjølv om  Bruce på eitt tidspunkt fryktar nettopp denne lagnaden), men fordi actionhelten Campbell må vere den einaste som kan redde småbyen Gold Lick ("We Licked 'Em Good!") frå ein kinesisk demon (som også er skytsengel for bønnedravle - nei, eg køddar ikkje)!

Konseptet er artig nok, men eg må vedgå at eg etter Bruce sin siste eigenregisserte film, Man with the Screaming Brain, var heller skeptisk. Eg meiner, eg hadde elska filmen uansett, men ikkje det hadde ikkje vore ekte kjærleik. Meir slik kjærleik ein påstår for å unngå ubehagelege situasjonar. Men slik lagnaden skulle ha det, viste filmen seg å ikkje berre vere genuint fornøyeleg, men også langt over gjennomsnitteleg smart, godt skoten, og med Campbell sin upåklagelege komiske timing á la dei store førebileta hans The Three Stooges. Bruce i slik form har vi faktisk ikkje sett sidan Evil Dead 2, og betre skussmål enn akkurat dét trur eg ikkje nokon Bruce Campbell-film kan få.

Bruce har tidlegare uttalt at denne filmen er fyrst og framst for fansen. Og jada; der Campbell gjer narr av seg sjølve og sin "figur" - både den overdrivne oppfatningen den fanatiske fanskaren hans har av kven han er, og den parodiske taparen Bruce Campbell vi også møter i romanen How To Make Love - The Bruce Campbell Way - men han gjer også narr av oss, hans hengjevne fans. Og det er berre å gje seg over for korleis han tar oss på kornet ("Bruce Campbell is the single greatest actor of his generation!"), og akseptere at om vi skal le av han, må vi godta at han ler av oss (Campbell er kjend for å vere veldig fan-venleg). Filmen er proppfull med referansar, parodiar og direkte henvisningar til hans lange B-filmkarriere (inkludert eit par falske titlar som den astutte fan kjenner att frå bøkene hans), og gjesteopptrednar av såvel Ellen Sandweiss (Cheryl frå The Evil Dead), Danny Hicks (Jake frå Evil Dead II) og Tim Quill (smeden frå Army of Darkness) - alle for gode for å avsløra her!

Uansett: Er du ein fan av Brusaren er det ingen grunn til å tru at du ikkje kjem til å sjå dette vesle meisterverket. Om du ikkje veit kven han er (seriøst? Brisco County Jr., for pokker!) veit eg ikkje om filmen har noko særleg appell, reint bortsett frå den herlege fysiske komikken, dei lågpanna vitsane, og old-school splatter-scenane som, som Bruce seier sjølv til Ain't it Cool News, vitnar om tida før "torturpornoen".

Filmen er produsert av teikneserieutgjevaren Dark Horse Comics sitt nye filmhus Dark Horse Indie, og er for tida i begrensa kinodistribusjon i USA: Den  kjem på DVD og Blu-ray 10. februar til neste år, fullstappa med ekstramateriale.

Etiketter: , , ,

2 Comments:

Blogger Christian Brandt-Hansen said...

Reknar med denne kan gjerast tilgjengeleg for jurymedlem som gjorde ein strålande innsats under årets festival...

5:03 p.m.  
Blogger Mad Mullah Hastur said...

Høyr høyr! Satt og tenkte på det same sjølv då eg las omtala for nokre dagar sidan.

Sitt vyrde bloggredaktør og hamstrar filmar utan å dele med oss deilige medmenneske? ;-P

3:10 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home