Filmomtale: My Name is Bruce
Eg har skrive litt om My Name is Bruce tidlegare. For dei som nett skifta kanal, kan eg oppsummere med at filmen er siste verket til B-filmlegenda Bruce Campbell, og har ein del forventningar knytt til seg av nerdedomen der ute. Filmen handlar om den utvaska, alkoholiserte skodespelaren Bruce Campbell (Bruce Campbell), som vert kidnappa av ein desperat fan; ikkje for å binda han fast til ei seng og knusa kneskålene hans Misery-style (sjølv om Bruce på eitt tidspunkt fryktar nettopp denne lagnaden), men fordi actionhelten Campbell må vere den einaste som kan redde småbyen Gold Lick ("We Licked 'Em Good!") frå ein kinesisk demon (som også er skytsengel for bønnedravle - nei, eg køddar ikkje)!
Konseptet er artig nok, men eg må vedgå at eg etter Bruce sin siste eigenregisserte film, Man with the Screaming Brain, var heller skeptisk. Eg meiner, eg hadde elska filmen uansett, men ikkje det hadde ikkje vore ekte kjærleik. Meir slik kjærleik ein påstår for å unngå ubehagelege situasjonar. Men slik lagnaden skulle ha det, viste filmen seg å ikkje berre vere genuint fornøyeleg, men også langt over gjennomsnitteleg smart, godt skoten, og med Campbell sin upåklagelege komiske timing á la dei store førebileta hans The Three Stooges. Bruce i slik form har vi faktisk ikkje sett sidan Evil Dead 2, og betre skussmål enn akkurat dét trur eg ikkje nokon Bruce Campbell-film kan få.
Bruce har tidlegare uttalt at denne filmen er fyrst og framst for fansen. Og jada; der Campbell gjer narr av seg sjølve og sin "figur" - både den overdrivne oppfatningen den fanatiske fanskaren hans har av kven han er, og den parodiske taparen Bruce Campbell vi også møter i romanen How To Make Love - The Bruce Campbell Way - men han gjer også narr av oss, hans hengjevne fans. Og det er berre å gje seg over for korleis han tar oss på kornet ("Bruce Campbell is the single greatest actor of his generation!"), og akseptere at om vi skal le av han, må vi godta at han ler av oss (Campbell er kjend for å vere veldig fan-venleg). Filmen er proppfull med referansar, parodiar og direkte henvisningar til hans lange B-filmkarriere (inkludert eit par falske titlar som den astutte fan kjenner att frå bøkene hans), og gjesteopptrednar av såvel Ellen Sandweiss (Cheryl frå The Evil Dead), Danny Hicks (Jake frå Evil Dead II) og Tim Quill (smeden frå Army of Darkness) - alle for gode for å avsløra her!
Uansett: Er du ein fan av Brusaren er det ingen grunn til å tru at du ikkje kjem til å sjå dette vesle meisterverket. Om du ikkje veit kven han er (seriøst? Brisco County Jr., for pokker!) veit eg ikkje om filmen har noko særleg appell, reint bortsett frå den herlege fysiske komikken, dei lågpanna vitsane, og old-school splatter-scenane som, som Bruce seier sjølv til Ain't it Cool News, vitnar om tida før "torturpornoen".
Filmen er produsert av teikneserieutgjevaren Dark Horse Comics sitt nye filmhus Dark Horse Indie, og er for tida i begrensa kinodistribusjon i USA: Den kjem på DVD og Blu-ray 10. februar til neste år, fullstappa med ekstramateriale.
Etiketter: bruce-o-rama, Filmvurdering, Popkult, Sniktitt



Antall minutt eg haldt ut før eg var nøydd til å gå frå rommet grunna ubehag: 3 1/2.
Denne helga er det Thanksgiving i USA, den desidert viktigaste markeringa dei har der borte. Dette slår óg ut på marknaden, og fredagen før Thanksgiving, altså i dag, er berre kjend som Black Friday, fordi folk går amok med handlinga. Seriøst, ser de ikkje på Chuck?

Det var ikkje så veldig mange som fekk med seg Gris Grimly sin spesielt inviterte novellefilm "
Gris Grimly sjølv er rakst på pletten på sin eigen nettstad,
Kven hadde trudd det? Den nye Star Wars: Clone Wars tv-serien manar fram mykje av den same sjarmen og barnlege gleda som den originale trilogien gjorde. Utan Hayden Christensen sitt åleglatte og talentlause ytre (ei eingong stemme, men med stemma til Matt Lanter!) framstår Anakin som ein perfekt, trøblete helt med akkurat passe dose issues utan å bli EMO, og vissheita om at han ikkje blir Vader i løpet av denne serien gjer at vi kan kjøpe han som helt utan å vente på at han skal bli ond. James Arnold Taylor si stemme som Obi-Wan er ein ypperleg blanding av Ewan McGregor og Alec Guinness, og det er berre heilt fabelaktig å høyra Dee Bradley Baker som SAMTLEGE klonar (sjølvsagt). Sistnevnte er kanskje det kulaste ved heile serien, Star Wars sine nye badass chicks Assaj Ventress og råkule Ahsoka Tano inkludert. Klonane har verkeleg individuelle identitetar, sjølv om enkelte slit med det faktum at dei alle er "like" på bunnen. Eg kjenner at eg verkeleg diggar Commander Cody, sjølv om eg gav katten i han i makkverket som er Revenge of the Sith (som likevel er tolv parsec betre enn Attack of the Clones!), og Captain Rex er eit herleg tillegg til eit rollegalleri som faktisk kunne blitt noko monotont (i og med at 95 prosent av bakgrunnskarakterane er klonar eller battledroids).
Med gårsdagens syningar av Outlander og Interplanetary er den fantastiske delen av programmet på WT Os internasjonale filmfestival over for i år. Med nesten fullsatt sal var Outlander lett den mest vitja filmen på årets festival, som ikkje er overraskande, men synd. Moro dog det var, den verkelege stjerna var Interplanetary, som hadde meir eller mindre verdspremiere (den hadde ein tidlegare syning i Memphis for nesten ein månad sidan, men dette var ein tidlegare, meir uferdig klipp, og det var mest folk tilknytt filmen tilstades - les ein omtale av filmen hjå Oxford Film Freak
I sann John Carpenter-stil leverer Interplanetary varene med eit imponerande, CG-fritt visuelt ytre, og eit spennande og akkurat passe cheesy manus (til samanlikning var det cheesye manuset til Outlander nok til å skapa laktoseintoleranse). Filmen handlar om staben på ein marsbase eigd av ein megakorporasjon (Interplanetary Corporation), og handlar om kva som skjer når denne staben beståande utelukkande av middle management og support crew hamnar i ein situasjon som merkeleg nok ikkje vert dekka av selskapet sine fyldige permar med retningslinjer og byråkrati. Det heile utviklar seg i ein retning splattermeistar Roger Corman hadde vore imponert over, og regissør Chance Shirley sine grep for å dekkja over sekvensar som hadde blitt for dyre for superlågbudsjettet i blant mersterlige. Kombinert med ein originalt lydspor igjen heilt i Carpenter-anda er dette ein film eg vart sitjande igjen med eit intenst håp om at dei vert plukka opp av ein stor distributør etter. De kan følgja Chance og Interplanetary på veven, på filmen sin blogg, 
