"I don't like this one bit. Not one bit.": They Live Remake under planleggjing...

Og her gjekk vi og frykta at det var The Thing som skulle i elden...
They Live er historia om ein namnlaus boms (brytarikonet "Rowdy" Roddy Piper) som oppdagar at verda er kontrollert av motbydelege romvesen som undertrykkjar menneskeheita ved hjelp av subliminale ordre skjult i... kapitalismen. Ein brilliant film som verkeleg transcenderer cheesy og skrullete og blir noko heilt anna - pur genial.
Les meir hjå Slashfilm og Topless Robot - som for berre kort tid sidan hadde eit innlegg om kvifor nettopp denne filmen er den beste i heile filmhistorien.
Takk til Hastur for tipset. Det er også for han eg seier frå meg ein kvar form for objektiv journalistikk i dette innlegget, sidan han er så glad i slikt.
Etiketter: John Carpenter, NEINEINEI, Ryktebørs, Vås
2 Comments:
Tenkte på å skrive om dette sjølv i går, men var for mykje å gjere. Når det gjeld objektivitet... er det ikkje objektivt nok å erklære They Live som eit makalaust meistarverk, og at ideen om å spele den inn på nytt er tilsvarande blasfemi av grovaste slag??
Eg saknar eit Hollywood med originale idear...
Åh... forresten! TAG! You're it!
Legg inn en kommentar
<< Home