on holid on holiday by mistake: Blade Runner Anime?!

13 januar, 2009

Blade Runner Anime?!

Berre for å ha det klart med ein gong:

Dette er ikkje nyhende.

Dette er ikkje annonseringa av ein animeversjon av Blade Runner, i mine auge tidenes beste film.

Dessverre.

For når ein ser på denne konseptskissa den 35-år gamle illustratøren Mark Brooks laga berre for moro skuld, kan ikkje ein gamal Blade Runner og Ghost in the Shell-fan ynskje seg noko som helst meir enn ein Blade Runner anime.
Eg kan ikkje sei anna enn FOR GUDS SKULD, Mamoru Oshii, SKAFF DEG RETTANE PÅ DETTE!!'


(trykk venstre musknapp og vel "sjå bilete" for stor versjon. Ja, du nyttar vel Firefox på nynorsk?)

Mamoru Oshii er mannen som transformerte Masamune Shirow sin tøysete manga Kôkaku kidôtai (Ghost in the Shell) til to av tidenes beste animasjonsfilmar, og det i ein stil som hadde kledd Blade Runner utruleg bra. Spesielt dei som har sett Kôkaku kidôtai 2 (Innocence: Ghost in the Shell 2) må kunne sei seg einige at hans eventuelle handsaming av Ridley Scott sin fantastiske framtidsdystopi basert på Phillip K. Dick-romanen Do Androids Dream of Electric Sheep? ikkje kunne ha resultert i noko anna enn eit meisterverk smidd i himmerike av englar med hår av gull og allsong til stemmer.

Men akk, vi får leve med draumane, og frykta/antisipasjonen for korleis den eventuelle Blade Runner 2 vil/kan bli.


(via slashfilm, io9)

Etiketter: , , ,