on holid on holiday by mistake: Moonlightin'

26 juli, 2008

Moonlightin'

Det hender eg hjelper ein gamal kompis i nauda med å klæsje saman nokre nerdenyhende for nettstaden han er redaktør for, Forum for fantastiske fritidsinteresser (N4F, eller Afahfahfahfah). Sakane eg skriv for han er som regel av slik natur at dei ikkje passar seg her. Det vil seie, eg får ikkje lov å vere så subjektiv som eg ynskjer, og han redigerer som regel bort tøysesetningane eg likar å smite innimellom.

Men i dag såg han gjennom fingrane, og difor vart saka mi om at Jason i dag vann Eisner for Jeg drepte Adolf Hitler (ta den Dagbladet! Det hadde de ikkje fått med dykk, eh?) ståande slik eg skreiv ho. Muahahaha!

I andre nyhende, oppfølgjarar av TRON og RoboCop.


Etiketter: , , , ,

1 Comments:

Anonymous Anonym said...

Men det var eit fint avsnitt jo...

og så hadde eg det travelt med å kome i gang med drekkinga att ;-)

2:11 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home