on holid on holiday by mistake: Predator gjenfortald - som rap

11 mars, 2008

Predator gjenfortald - som rap

I Ain't Sayin' He's An Alien Killah
PREDATOR ER EIN SEMINAL ACTION FILM frå tidleg åttital, i den desidert beste delen av Schwarzenegger (utruleg at å stave det namnet går automatisk) si karriere.

Med det som berre kan beskrivast som eit bipolart narrativ, greier ikkje filmen å bestemme seg om det skal være ein reinspikka 80-tals action-, ein science-fiction-, eller ein skrekkfilm. Men det gjer ingenting, det funkar, og det er vanvittig herleg. Topless Robot har funne dette usedvanleg underhaldande samandraget av filmen, som vi berre må gjengje. Og det beste av alt? Det er i old-school, britisk rapform. No, eg er ikkje spesielt inne i rap med mindre det er knallhardt politisk bodskap (som Gatas Parlament), men dette? Dette er bokstaveleg tala musikk i mine øyre. Tilgje meg det dårlege ordspelet, men noko hip hop-referanse må me no koste på oss. Kos dykk!

Etiketter: , ,