on holid on holiday by mistake: Madonna sin regidebut.... bra?

30 september, 2008

Madonna sin regidebut.... bra?

Det er blanda kjensler eg sit att med etter å ha sett traileren til Madonna sin regidebut Filth and Wisdom.

På den eine handa står Madonna for alt som er gale med verda (eg vel å ikkje utbrodere), på den andre sida ser dette ut som ein film... eg kjem til å lika. Herleg sigøynerpop, frekke ballerinatøs, lettfeldig omgong med prostitusjon, store bartar, Richard E. Grant i ei birolle - kva er det ikkje å bli entusiastisk av ved dette?


Filth and Wisdom byrja som eit kortfilmprosjekt, og berre balla på seg, til Madonna stod med ein 80-minuttar lang indiefilm mellom hendene, som Screendaily kallar "no better or worse than the averahe creaky low-budget Britfilck", som, med tanke på at den gjennomsnittelege lågbudsjetts Britflick eigentleg er ganske bra, er utruleg nok gode skussmål(!). Eg kjem framleis ikkje over at eg har positive forventningar til denne filmen. Etter at eg har skrive dette kjem eg til å gå i dusjen og synge "The Crying Game" medan eg skrubbar meg sjølv til blods. Men på den andre sida, dersom Madonna har suksess med dette prosjektet kan det jo hende at ho legg den grufulle musikkarierra si på hylla og konsenterer seg om å lage film om mannlege sigøynarprostituerte på heiltid, og eg trur vi alle kan vere fint einige om at det hadde vore for det beste. Kanskje vi til og med greier å gløyma "Die Another Day" - tittelsporet som øydelagde karriera til Pierce Brosnan.


Her er uansett taileren, via Slashfilm.


Etiketter: ,

3 Comments:

Blogger Christian Brandt-Hansen said...

Skremmande.

Kjenner eg sjølv kunne tenke meg å sjå denne no. Herlige tonar frå Gogo Bordello er sjølvsagt eit halvbilleg triks, men likevel.

3:55 p.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

Ja, eg veit. Dagbladet sin anmeldar såg den under filmfestivalen i Berlin, og var noko lunken, men for det fyrste er det _Dagbladet_ sin anmeldar (i.e. ikkje akkurat kredibel), og for det andre er det ganske forutsigbart å døme filmen nord og ned. Som sagt, eg vonar det beste, om enn kun fordi ei suksessfull regissør-Madonna ikkje har tid til å laga musikk...

4:51 p.m.  
Blogger Christian Brandt-Hansen said...

Heilt einig. Om filmen er såpass at Madonna droppar musikk og dansing i minimale klede, er han ein suksess.

8:25 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home