on holid on holiday by mistake: Clone Wars trailer

13 april, 2008

Clone Wars trailer

Den polske distributøren til Warner Brothers var slepphendt nok til å lekke traileren til Clone Wars online, og sjølv om Warners var kjapt på pletten med å få fleire nettstadar til å trekke den attende, var "skaden" allereie gjort.

Kva enn ein forventer av denne animasjonsfilmen som flyg inn i kinosalar verda over til hausten, er det vel ikkje å skyve under ein stol at det ser ut til å bli moro på ein galaktisk skala. Og med så mange positive reaksjonar, har nok Warners fått seg ein heldig buzz i kjølvatnet av labre forventningar til deira fyrste store satsing som LucasFilm sitt nye Star Wars-studio (Star Wars har jo tradisjonelt vore 20th Century Fox-baby - framleis forventar eg å sjå "A long time ago, in a galaxy far, far away" følgje på kvar gong eg høyrer den ikoniske Fox-fanfaren. Om lag som eg ventar på Sopranos når eg ser HBO-vignetten, trass i at nesten alle seriane eg ser er frå HBO, ikkje berre Sopranos).

Kjekt vert det óg å sjå Anakin Skywalker utan Hayden Christensen sitt overspel, med stemma til Matt Lanter i staden. Vi merkar oss også at Keisaren denne gongen har stemma til Ian Abercrombie, som vi kjenner som vismannen i Army of Darkness, og Elaine sin velmeinande men blundrande sjef Mr. Pitt i "Seinfeld". Det er synd å ikkje få høyra det deilige stemmeleiet til Ian McDiarmid, men som substitutt er definitivt Abercrombie verdig.

Kos dykk med videoen hjå io9!

(eg vel å ikkje poste videoen fordi YouTube er for lite stabil med kontroversielle videoar, og Blogger sin video-embedding som vanleg ikkje funkar slik den skal)

Etiketter: ,