on holid on holiday by mistake: Michael Bay er koko, provar det sjølv

20 februar, 2008

Michael Bay er koko, provar det sjølv

Eg skreiv om skrotnissen Michael Bay for eit par dagar sidan, då han frivilleg indirekte innrømde at han gav blaffen i manusforfattarar.

Men no har fyren jammen overgått seg sjølv. Sidan sjansane hans for å nokonsinne motta ein Oscar er fråværande, og han veit det sjølve, så spanderte han liksågodt 125 millionar dollar på å få det til å sjå ut som om han gjorde det. Nei, eg køddar ikkje, The Onion fortel oss om prosjektet, og eg kan berre anta at alle andre som las saka måpte like mykje som meg.

Mannen er så skrullete at det ikkje er morosamt ein gong.

Merk dykk korleis han måtte låne Ben Affleck sin Oscar for å lage ein realistisk modell. Lurar på om han fekk statuetten attende...?

Etiketter:

2 Comments:

Blogger Mad Mullah Hastur said...

Eg måper gjerne når eg les The Onion... ikkje at eg trur eit kløyva ord dei skriv då, men eg måper og ler. =)

10:34 a.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

Mannen er fullstendig koko. Eg har ikkje ord for å beskrive den tullingen.

1:44 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home