on holid on holiday by mistake: Sure Tonar frå Indiana Jones?

15 februar, 2008

Sure Tonar frå Indiana Jones?

Når traileren til Indiana Jones & The Kingdom of the Crystal Skull hadde premiere i går hadde Dagbladet.no vore så heldig å vere fyrste medie i Noreg til å presentere traileren. Traileren var av svært høg kvalitet, med norske tekstar og titlar - mykje høgare kvalitet enn det dei fleste utanlandske medier kunne presentere. Så grunna den høge kvaliteten svinga nerdar verda over innom denne norske traileren. Og kven skulle tru at det ikkje var den same traileren som amerikanarane får servert? Slashfilm.com kan melde at nerdane hjå CHUD har oppdaga at den europeiske traileren inneheld meir skytevapen enn den amerikanske!


I tillegg inneheld den amerikanske traileren eit kjipt innskotsbilete av det amerikanske flagget, som er fråværande i den europeiske versjonen. Lurar på kvifor...

Medan vi ventar på Indy, kan det vere kjekt med eit gamalt gjensyn. Slashfilm.com har funne fram til dette nostalgiske klippet, frå sesongopninga på andre sesong av Den unge Indiana Jones. Nyt!




Etiketter:

1 Comments:

Anonymous Anonym said...

Vel, det er jo ingenting nytt at amerikanarane er overfølsame for denslags, og overglade i denne filla dei kallar flagget sitt... men men... det er no betre enn å fjerne alle våpna i ET som var Spielbergs forrige stunts...

No fekk eg lyst til å kjøpe komplett samling av Young Indiana Jones på DVD. Digger den serien!

2:21 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home