on holid on holiday by mistake: Guantanamo Bay-kommandant klagar på negativ portrettering av interneringsbasa i tøysefilm

18 februar, 2008

Guantanamo Bay-kommandant klagar på negativ portrettering av interneringsbasa i tøysefilm

Jada, du las riktig. Konreadmiral Mark H. Buzby, leiaren for interneringsleiren på Guantanamo, tykkjer det er frykteleg leit at Guantanamo blir framstilt som eit negativt tiltak (!) i John Cho (MILF-duden i American Pie, og den nye Commander Sulu i Star Trek) og Kal Penn (frå Van Wilder) sin nye "Harold og Kumar"-film, Harold & Kumar Escape from Guantanamo Bay.

Seier Buzby, "Fokuset på Guantanamo som eit kreativt subjekt kan leie til misoppfatningar. (...) Det er som om nokon prøver å få det til å høyrast ut som noko negativt". You don't say?!

New York Times har ein artikkel om diskusjonen rundt den negative portretteringa Guantanamo Bay i media, og då spesielt i denne filmen, her.

(via Boing Boing)

Etiketter: