on holid on holiday by mistake: No Bruce for you!

11 september, 2007

No Bruce for you!

Eller for oss, alt ettersom. Bruce Campbell takka diverre nei til å gjeste WT Os International Film Festival som æresgjest i år, han svara på forespurnaden personleg, og melde at han var oppteken den aktuelle perioden - men at han ynskja me tenkte på han ein annan gong. Så det er framleis ikkje for seint å sjå Bruce Campbell i Os.

Men det er ikkje berre WT som vert foruten "Brusaren" (som han vert kalla på Os, der han nyt kanskje enno større kultstatus enn i Noreg for øvrig) - Fangoria kunne nyleg (nyleg og nyleg...) melde at Bruce Campbell ikkje kjem til å vende attende til si rolle som Elvis/Sebastian Haff i oppfølgjaren til Don Coscarelli sin brilliante Bubba Ho-Tep: Bubba Nosferatu and the Curse of the She-Vampires.

No skal eg ikkje ramse opp historia bak denne/desse filmen/filmane (eg meiner det står noko om dei i eit tidlegare innlegg uansett), men om ikkje artikkelen i Fangoria er dekkjande nok kan ein jo kose seg med det fullstendige intervjuet med Brusaren, intervjua av Dee Snyder frå Twisted Sister på Fangoria sin eigen nettradio. Fabelaktig!

Skodespelar Paul Giamatti, som lenge har vore knytt til prosjektet som Colonel Parker, hadde følgjande å sei i ein uttalelse til Horroryearbook
“Bruce Campbell was waffling around about whether he wants to play Elvis or not again. So that’s the problem…You gotta have Elvis and you really want him playing Elvis, so hopefully we can get him to do it. If not, I’m sure they will try and find somebody else but I think it’s contingent on whether he’ll do it or not. It’s a great script, a completely insane script. I would love to do that because I love [Bubba Ho-Tep]. It’s a great movie.”

Vel, Brusaren hevdar rolla er "daud for han", og at han aldri kjem til å gjere det.

Vi kan i alle fall slå oss til ro med nye episodar med Burn Notice neste sommar, samt ny bok frå vår kjære folkeopplysar, denne gongen med (i følge Bruce) tittelen "SURROUNDED BY IDIOTS: WHY YOU SHOULD BE GLAD I’M NOT EMPEROR OF THE WORLD.” Og sidan førre boka heitte "Make love the Bruce Campbell Way", så skal du ikkje sjå bort i frå at det IKKJE er ein spøk...

Etiketter:

1 Comments:

Anonymous Anonym said...

*sukk*

Bruce... for ei hake... eg vil sleike den...

5:58 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home