on holid on holiday by mistake: MENSA-formann visar at han ikkje har peiling på intelligent TV

19 februar, 2008

MENSA-formann visar at han ikkje har peiling på intelligent TV

TV Squad har ein artikkel der formannen for alle nerdeorganisasjonars mor, MENSA, Jim Werdell, plukkar ut det han meinar er dei mest intelligente seriane på TV. Som fan av intelligent fjernsyn, må eg (og dei aller fleste andre) stille meg litt undrande til lista, som ser slik ut:

1. M*A*S*H
2. Cosmos
3. CSI
4. House
5. The West Wing
6. Boston Legal
7. All in the Family
8. Frasier
9. Mad About You
10. Jeopardy!

Uhm, OK...? Heilt seriøst: CSI? House? Boston Legal? All in the Family? Fraiser? Mad About You? Jeopardy?! Nei, alvorleg tala, ei SKIKKELEG liste over dei 10 mest intelligente seriane, ser sjølvsagt slik ut:

1. The Wire
2. The Sopranos
3. Arrested Development
4. Futurama
5. Blackadder
6. Dexter
7. Father Ted
8. The Fast Show
9. Rescue Me
10. The Daily Show

No, tre kandidatar på lista til Werdell fortener kanskje å vere nevnt. Sjølv om M*A*S*H ikkje har noko på filmen ved same namn. West Wing er veldig bra, men noko langdryg, og langt frå så interessant politisk som t.d. The Wire, og Cosmos, ein amerikansk dokumentarserie om universet, har eg aldri sett (men det hindrar meg sjølvsagt ikkje i å uttale meg). Alternative bidrag til lista kunne vere Rome, Deadwood, The Simpsons, The Cobert Report, Mythbusters og Coupling.

Dette visar nok ein gong at braniacs on the Nerd Squad ikkje har snøring på underhaldning eller populærkultur.

Legg gjerne att kommentar på dei ti seriane du meiner fortener plass i kåringa - dette er sjølvsagt ei svært subjektiv sak. Likevel meiner eg at mi liste er mykje meir kurant enn Werdell si.

via Pop Candy

Etiketter:

2 Comments:

Blogger Mad Mullah Hastur said...

Mensa har eg aldri tenkt på som kjennarar av kultur eller noko som helst. Og kva som er intelligent TV anar eg ikkje, for eg veit ikkje kva som er definisjonen. Om eg skulle ha laga ein definisjon sjølv, så trur eg nok eg skulle ha krangla på di liste. Men who cares? Smaken er som baken, og eg hatar slike lister.

Med andre ord, eg nektar å leike rangeringsleiken. *geipe* Eg er berre glad du likar dei seriane du gjer og får noko ut av dei.

10:31 a.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

Du om det. Kjendsak at eg både ser meir og har ei større interesse for fjernsyn enn du har. I slike diskusjonar held ikkje slengmerknadar eller hinting om "idiotboksen", og stoltheit over å ikkje sjå på fjernsyn som eit intellektuelt standpunkt, er for lengst daud. Kulturfossil som deg har berre ikkje skjønt det enno, der de sit nedgravd i støvete bøker om moglegeins-ikkje-fiktive-hemmelege-brorskap, alternativ musikk og exploitationfilmar ;-)

1:48 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home