on holid on holiday by mistake: The Fall

27 februar, 2008

The Fall

Hugsar de The League of Extraordinary Gentlemen? Sikkert ikkje - de har nok fortrengt analvaldtekta av Alan Moore og Kevin O'Neill sitt seminale verk slik som eg har. Men ein som det ser ut som har hatt mareritt om makkverket i lengre tid, og bestemt seg for å gjere noko med det, er Tarsem Singh, regissøren av The Cell. Der The Cell ikkje var anna enn lekre bilete og null substans (omlag som hovudrolleinnehaver Jennifer Lopez sjølv, med andre ord), er Singh sin film The Fall alt mogleg anna. Tydeleg inspirert av The League.. samlar The Fall heltane kjend som Inderen, Eks-slava, Sprengstoffeksperten, Den maskerte banditt, og, eh, Charles Darwin (sic!), som slår seg saman mot den onde Guvernør Odious. Og jepp, dette er så pulp som det kan bli (og er det noko vi likar, så er det pulp!). Filmen kom ut i 2006, men har framleis tilgode å sjå dagens lys her i landet - sikkert fordi den enno ikkje er sluppen i statane, og norske filmdistributørar likar å vente på retningslinjer frå sine overherrar. Skammeleg - for dette er verkeleg vakkert.
Det er IO9 som melder om filmen i høve lanseringa i statane, og me er ikkje verre enn at me også gjev den litt merksemd og serverer denne traileren i håp om norsk lansering snarast.




What the hell, eg sleng med dette klippet også:



Io9 melder også at Singh er kopla til gjeninnspelinga av Westworld, sci-fi-klassikaren frå 1973 som er kjend for å vere den fyrste spelefilmen som nytta med 2-dimensjonal CGI, eller dataanimerte effekter (oppfølgjaren Futureworld var den fyrste filmen som nytta 3-dimensjonal CGI). Det kan bli interessant - vi reknar med Josh Brolin (No Country for Old Men) i rolla far hans, James Brolin, gestalta i originalen, og Michael Biehn (Reese i The Terminator) som gunslingeren Yul Brunner spelte, basert på Brunner sin eigen skapnad frå The Magnificent Seven. Biehn spelte rolla i tv-serien basert på den filmen.

Etiketter: ,