To Wings! To Wings!Vakre Lena Heady slest ein tapande kamp både mot terminatorar og låge sjåartal som Sarah Connor i Terminator: The Sarah Connor Chronicles som heldigvis ikkje har besudla våre fjernsynsskjermar her heime. Eg oppdaga henne fyrst med Michael Caine/Dylan Moran-filmen The Actors (anbefalt), og ho slo for alvor slo igjennom med Zack Snyder sin 300, der ho velta seg rundt i nettoen med både Gerard Butler og Dominic "McNulty" West. No er ho på vingene att - bokstaveleg tala.Cinemablend kan
melde om at Nikolai Müllerschön har snekra saman ein film om ingen ringare enn Den røde baron - Manfred Albrecht von Richthofen - din kjende, tyske, flygande krigshelten frå fyrste verdskrig. Og i motsetnad til James Franco-floppen
Flyboys, ser denne filmen ut til å ha knakandes gode effekter, i alle fall om ein skal tru denne skrytevideoen FX-teamet bak
Der Rote Baron har sett saman for CVane sine:
Etiketter: Popkult, Pulp Action
2 Comments:
Har desverre sett flyboys, men dette ser jo ut som den filmen eg egentlig ville se!!
Vil tro de har logget litt flere flytimer på dette prosjektet iallefall:)
Synd med språket....
Har klart å styre unna Flyboys, men eg har eigentleg same inntrykk som deg likevel. Dette kan jo bli riktig så moro, og eg har alltid hatt sansen for Hollywoodfilm som ikkje er for Hollywood.
Legg inn en kommentar
<< Home