on holid on holiday by mistake: Eleven's the charm?

02 januar, 2009

Eleven's the charm?

Etter tre sesongar som det mest populære ikonet innan science-fiction (utanfor amerikansk sci-fi, eg trur kanskje Darth Vader kjem høgare på lista), parkerer David Tennant sin blå politiboks etter fire tv-filmar som kjem på lufta i 2009. I 2010 møtast det oss ein ny inkarnasjon Doctor Who, den ellevte i rekka, og det har sjeldan vore større spekulasjonar om kven som skal ta over ein tv-seriekarakter i britisk presse.

For å setje det heile i perspektiv, så vil BBC i morgon, 3. januar, avsløra kven som tek over rolla - og programmet der det vert avslørt går live på storskjerm i bysentrum over heile Storbritannia. Eg køddar ikkje.

I frykt for å tippe feil vil denne Doctor Who-fantasten ikkje spekulere i kven som tek over rolla, men ein av dei som vart ansett som mest sannsynleg var Robert Carlyle, som nyleg takka ja til ei rolle i Stargate: Universe, og dermed vart avskriven.

Andre namn som har vore i vinden inkluderer Daniel Radcliffe (Harry Potter), John Simm (Life on Mars, The Master på Doctor Who), Bill Nighy (Love Actually), Jennifer Saunders og Catherine Zeta-Jones (!).

Dei fleste forståsegpåarane hevdar ganske bestemt at det derimot vert Paterson Joseph som vert annonsert i morgon. Joseph blir då den fyrste svarte Doktoren, og har tidlegare arbeidd for showrunner Steven Moffat på Jekyll, samt hatt ein birolle i Doctor Who. Fansen generelt er positivt innstilt til Joseph, som også hadde ei populær birolle i både Green Wing og Hyperdrive.

Vær sikker på at eg kjem attende i morgon med avsløringa; dette er som det amerikanske presidentvalet for science-fictionnerdar som meg!


EDIT: Eg gløymde å nevna at Peter Davison, den 5. Doktoren, var ute og slang med leppa for litt sidan, og hevda at den nye Doktoren er ein vi ikkje kjenner. Kva no enn det skal bety. David Tennant har for ørvrig omtala erstattaren sin som "the chap", så oddsa for at det fortfarande vert ein mann er store.

2 Comments:

Blogger Christian Brandt-Hansen said...

Joseph hadde òg ei viktig rolle i BBCs gamle serieadapsjon av Neil Gaimans Neverwhere. Ganske tidig om enn ikkje heilt strålande.

Eigentleg er eg vel ikkje så opptatt av han her doktoren, men om Jennifer Saunders skulle få rolle trur eg eg blir nøydd til å starte.

10:48 a.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

Det stemmer sjølvsagt. Og Neil Gaiman har for øvrig erklært han som sin personlege favoritt. Gaiman og Steven Moffat har ein pågåande diskusjon om å få Gaiman til å skriva ein episode av sesong 5 (2010), og sjølv om båe er veldig interesserte, har det ikkje blitt formalisert enno. Gaiman seier han kjem til å annonsere noko så snart det er noko å annonsere via sin blog.

12:51 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home