on holid on holiday by mistake: Mr Smith er den ellevte Doktoren!

03 januar, 2009

Mr Smith er den ellevte Doktoren!

Vart han casta grunna namnet - Matt Smith? John Smith er Doktoren sitt vanlege pseudonym når han må gje fullt namn, og det er eit namn som går att i Doctor Who, som Jones.

Matt Smith kom inn frå sidelinja i går, og fekk uhyre bra odds hjå bookmakerane på rekordtid - og jamen var han ikkje den utvelde.

26-åringen vert den yngste Doktoren nokon sinne, og fansen er usikre på korleis dei skal ta valet av skodespelar til den mest britiske av karakterar sidan Sherlock Holmes.

Ein er jamnt over einige om at han treng å få håret klippa, dog. Ingen vil ha ein EMO-doktor.

Sjå eit lengre intervju med Smith om rolla nedanfor - og merk hans små idiosynkronitetar. Piers Wenger, utøvande produsent for Doctor Who, har uttalt at Smith innehar kvalitetar som gjorde at dei med ein gong var sikre på at han var den nye Doktoren. Doktor-kvalitetar. Eg trur de skjønar kva han meiner når de ser klippet.

Meir om dette seinare, no skal eg sjå om att ein episode Firefly.

Etiketter: ,

1 Comments:

Blogger Mad Mullah Hastur said...

Meg skeptisk. Offisielt.

Huff. Men får sjå intervjuet seinare, eg sitt og hjelp studentar på infosenteret no i dag.

2:07 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home