on holid on holiday by mistake: Asterix i familietrøbbel

14 januar, 2009

Asterix i familietrøbbel

Albert Uderzo, skaparen av den legendariske teikneserien Astérix, er i hardt vær for tida, etter at han har give frå seg dei posthume rettane av Asterix-serien til forlaget Hachette Livre, for å forsikre seg om at serien vil fortsetje etter at han er død.

Det likar dottera hans, Sylvie Uderzo, svært dårleg, og det er ho som står bak den proverbiale stormen.

Kvifor? "Fordi Asterix er min eigen bror av papir," seier ho til Le Monde. "Eg finn meg sjølv på veg til strid mot det som kanskje er Asterix sine verste fiendar nokon sinne - finans- og industripampar." Ho fortel at Uderzo tidlegare hadde som mål å ferdigstille serien ved sin eventuelle død, og at dette, som gjev Hachette Livre 60 prosent av rettane til Astérix, er eit resultat av pengegriske rådgjevarar.

Serien har vorten omsett til 107 språk, og seld meir enn 300 millionar utgåver verda over.

Det er ikkje til å skyve under ein stol at med med-skapar René Goscinny sin død i 1979 har ikkje Uderzo klart å halda det høge nivået serien ein gong hadde, og det er for ein gamal teikneserienerd lett å nikka sympatiserande med dottera Sylvie.

La Asterix døy i fred, han óg!!

(via Robot 6)


Etiketter:

7 Comments:

Blogger Arnfinn Pettersen said...

En skremmende tanke. Skjønt, det kan vel neppe bli verre enn Uderzos siste par soloutspill. Den med romskipet var bortenfor enhver anstendighet.

Det eneste gode albumet etter Goscinnys død er der første, Borgerkrigen.

Det er trist at ikke Uderzo kunne gjøre som Morris: Grave frem noen (tidvis) anstendige manusforfattere.

10:07 a.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

Må sei meg heilt einig; Borgerkrigen var ganske bra, men resten har ikkje greidd å fenga meg. Den med romskipet etterlot meg med ein dårleg smak i munnen, og kjensla av å ha opplevd noko eg ikkje heilt var komfortabel med.

4:33 p.m.  
Blogger Mad Mullah Hastur said...

jbq knows all there is to know about the crying game? ;-P

Kvifor skreiv ikkje du denne saka for n4f i stadenfor? *sjå strengt på*

8:30 a.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

Du kan berre kopiere den. Den er framleis aktuell.

8:51 a.m.  
Blogger Mad Mullah Hastur said...

Kanskje eg gjer det, ja. Må få unnagjort litt arbeid og ein poltur først. Må kanskje redigere pittelitt på den, men elles finfin sak dette :)

8:54 a.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

Merk at Noregspressa endeleg dekka denne saka - to dagar etter dei flittige Holiday by mistake-medarbeidarane. Tsk tsk.

12:44 a.m.  
Blogger Mad Mullah Hastur said...

Hehe, og eg skulle gjerne ha gjort det på n4f, men eg har sprunge som ein gal.

Semesterstart som du veit.

No er eg god og sliten. Sove?

12:45 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home