on holid on holiday by mistake: Gratulerer med overstått!

11 januar, 2009

Gratulerer med overstått!

Tintin feira 80 år i går, 10. jaunar. Beklagar at eg gløymde deg, gamle ørn, du var ein fundamental del av min barndom og oppvekst, og eg kosar meg framleis med albuma dine den dag i dag. Gratulerer med overstått!

Det hadde sikkert vore artigare å feira kaptein Haddock sin bursdag - då hadde det i det minste blitt nokre rundar Loch Lomond, men Tintin er stort sett heilt avhalds. Til og med Sprint og Lucky Luke har teke seg ein tår i blant, for ikkje å snakka om Asterix (ingen veit kva ingrediensane i styrkedrikken er, men eg mistenkjer fleinsopp som ein integral del).

I andre Tintin-nyhende har de kanskje alt høyrd at Nick Frost og Simon Pegg teke rollane som Dupont og Dupond i Spielberg/Jackson-filmatiseringa av Tintin. Thomas Sangster har i følge rykta droppa ut frå tittelrolla, som for augneblinken skal vera open. Vi følgjer sjølvsagt utviklinga.

Etiketter: ,

2 Comments:

Anonymous Anonym said...

Og eg som trudde Rod Stewart (mannen med den ekle føflekken) var den mest kjende personen med same bursdag som meg. Så feil kan ein altså ta.

3:14 a.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

Ja der kan ein sjå!
Sjølv delar eg med Jean Claude Van Damme, Lee Harvey Oswald, og George C. Scott.

12:07 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home