Etter tre sesongar som det mest populære ikonet innan science-fiction (utanfor amerikansk sci-fi, eg trur kanskje Darth Vader kjem høgare på lista), parkerer David Tennant sin blå politiboks etter fire tv-filmar som kjem på lufta i 2009. I 2010 møtast det oss ein ny inkarnasjon Doctor Who, den ellevte i rekka, og det har sjeldan vore større spekulasjonar om kven som skal ta over ein tv-seriekarakter i britisk presse.
For å setje det heile i perspektiv, så vil BBC i morgon, 3. januar, avsløra kven som tek over rolla - og programmet der det vert avslørt går
live på storskjerm i bysentrum over heile Storbritannia. Eg køddar ikkje.
I frykt for å tippe feil vil denne Doctor Who-fantasten ikkje spekulere i kven som tek over rolla, men ein av dei som vart ansett som mest sannsynleg var Robert Carlyle, som nyleg takka ja til ei rolle i
Stargate: Universe, og dermed vart avskriven.
Andre namn som har vore i vinden inkluderer Daniel Radcliffe (Harry Potter), John Simm (
Life on Mars, The Master på
Doctor Who), Bill Nighy (
Love Actually), Jennifer Saunders og Catherine Zeta-Jones (!).
Dei fleste forståsegpåarane hevdar ganske bestemt at det derimot vert Paterson Joseph som vert annonsert i morgon. Joseph blir då den fyrste svarte Doktoren, og har tidlegare arbeidd for showrunner Steven Moffat på
Jekyll, samt hatt ein birolle i
Doctor Who. Fansen generelt er positivt innstilt til Joseph, som også hadde ei populær birolle i både
Green Wing og
Hyperdrive.
Vær sikker på at eg kjem attende i morgon med avsløringa; dette er som det amerikanske presidentvalet for science-fictionnerdar som meg!
EDIT: Eg gløymde å nevna at Peter Davison, den 5. Doktoren, var ute og slang med leppa for litt sidan, og hevda at den nye Doktoren er ein vi ikkje kjenner. Kva no enn
det skal bety. David Tennant har for ørvrig omtala erstattaren sin som "the chap", så oddsa for at det fortfarande vert ein mann er store.