on holid on holiday by mistake: Kids in the Hall vender attende!

15 april, 2008

Kids in the Hall vender attende!

Ah, eg minnst med gledestårer i augene den gongen dette landet hadde kringkastingsmonopol, og almennopplysaren NRK vaktfullt passa på kva vi som mottakarar vart utsett for.

Ein av dei absolutt mest fabelaktige tinga NRK eksponerte oss for, var det kanadiske sketsjeshowet Kids in the Hall. De hugsar kanskje deira mest kjende, faste innslag, nemleg "hovudknusaren":




Kids in the Hall er eit av dei programma som er så legendariske at alle som såg det elskar det hemningslaust, og dei som ikkje fekk det med seg ikkje anar kva vi som er blodfans snakkar om. Deira surrealistiske humor var så fjernt frå alle andre sketsjeshow frå over dammen på den tida, at det einaste det kan samanliknast med er Monty Python (så har då også kanadiarar alltid hatt meir til felles med europearar enn med amerikanarar).

No skal dei leggje ut på turné att, og sjølv om det berre er snakk om i Kanada (og moglegeins USA), er eg merkeleg nok skikkeleg entusiastisk (live-DVD, anyone?).

Så la oss ta ein titt på korleis dei planlegg denne comeback-turnéen. Kjenner vi desse karane rett, er det neppe som på skrivemøte for Karl & Co...

Etiketter: ,