on holid on holiday by mistake: Kosmorama

04 mars, 2008

Kosmorama


Då var eg og Ole attende frå fire dagar på Kosmorama, filmfestivalen i Trondheim! Ikkje at vi såg så mange filmar eller hobnobba så valdsamt med fiffen (faktisk ikkje i det heile tatt), men vi fekk no med oss kva det gjekk i, og eit par glimrande filmar.

Inntrykket eg sit att med etter Kosmorama er at eg er litt usikker på kva dei ynskjar å formidla med festivalen sin. I staden for programsjef har dei tre "kuratorar", som kvar hadde sett opp ein programkategori, som dei redegjorde for i festivalavisa. Problemet var at kva kvar enkelt ynskja å formidla var veldig diffust, og det gav kanskje meir inntrykk av kulturformidling enn fellesnemning (om det gjev meining). I tillegg vart denne intellektualiseringa av programflata forbilliga av den usedvanlig cheesy og usjarmerande introfilmen til festivalen.

Det har blitt påpeikt at denne kanskje minnar litt om WT-festivalen sin 2006-intro, men sistnevnte er rufsete, halvgjort og tydeleg fjasete, derav sjarmen. Denne glattpolerte wannabe-Hollywood-film-greia var berre... slitsom, og ganske flau. Det gjorde det ikkje betre at festivalavisa inneheld ei heilside med profil på hovudpersonane i filmen, som minna meir om transkripsjon av post-it notata frå det seine nachspielet denne greia må ha blitt kokt opp under, og som eigentleg ikkje var meininga å bli trykka (om lag som når Vidar publiserer alt han får i hendene på vevsidene til WT-festivalen lenge før det er ferdig). Ein hypotetisk versjon av korleis det gjekk føre seg vart rekonstruert på Otto Jespersentrøndersk av Bjørn og Håvard (som vi var på besøk hjå). Festivalavisa inneheld fleire flauser, utan at eg skal kome inn på det, med tanke på at eg trass alt skreiv WT-festivalen sitt program i fjor, og står framleis i skammekroken for dét.

Når det gjeld programmet så leid det (for meg) av litt det same som 2007-BIFF, nemleg at det ikkje var noko som sprang i trynet på meg, nappa meg i skjegget, og sa "SJÅ MEG SJÅ MEG SJÅ MEG!!" (omlag som ungane i barnehagen eg jobbar i til dagleg). Dette kan derimot vere snakk om ein smaksak, eller om at eg ikkje fann omtalane så interessante. Eller at dei gav bort meir enn eg ville vite på førehand, som med In the Valley of Elah, som også Erlend Loe påpeiker i sin filmblogg. Dei filmane eg hadde mest lyst å sjå hadde eg allereie sett, og fordi vi er rotekoppar, gjekk vi glipp av heile Minimalen, kortfilmfestivalen i Trondheim gjennom fleire tiår, som no er ein sjølvstendig(?) del av Kosmorama.

Minimalen var spesielt interessant for oss, i og med at vi mellom anna var på utkikk etter gode filmar til WT-festivalen, og det er lite blant langfilmane som er aktuelle for oss på mainstreamfestivalar som Kosmorama (John Sayles retrospektiv til trass!). Jaja, til neste år.

Vi gjekk også glipp av Peter Greenaway halde masterclass, men det gjorde også min, eh, kollega Erlend Loe, som ikkje var verre enn at han uttalte seg om arrangementet likevel (more power to him!) . Kort fortalt: Greenaway meiner filmen daude med Werner Fassbinder på tidleg 80-tal. Merkeleg, det vil seie at alle filmane i mi levetid ikkje hadde noko nytt å tilføre. Ikkje akkurat einig med det, og det er heller ikkje Loe.

Av gode filmar vi FEKK med oss, var den absolutt fantastiske Lars and the Real Girl, og Johannes Joner sitt "eksperiment" Respekt. I tillegg hadde eg tidlegare sett mellom anna 3:10 to Yuma og Sean Penn sin Into the Wild, to filmar som absolutt fortener hederleg omtale. Alle desse, med unntak av Respekt, er amerikanske, men berre 3:10 to Yuma er ein stor produksjon. Likevel greier både Lars og Into the Wild å tilføre klassisk Hollywoodfilm noko nytt (trass i kva Greenaway måtte meine), både i høve samspelet mellom menneske og forestillingane om kva det vil seie å ha eit lukkeleg liv (utan å bevege seg inn i metafysikk og eksistensialistisk vås). Lekkert, lekkert!

Respekt var også svært god, med glitrande skodespelarprestasjonar. Kort fortalt, filmen er basert på skodespelet Klassefiende av Nigel Williams. 12 18-19-årige "problembarn" er samla i eit klasserom der det aldri kjem ein lærar for å undervise dei. Halvparten av desse har spelt skodespelet på teater, og veit kva det går i. Den andre halvparten trur dei skal vere med i ein realityserie, og at dei berre skal vere seg sjølve. Kvasireality Breakfast Club for ein ny generasjon, og det funkar. Kanskje den mest originale norske filmen sidan Jonny Vang.

Vi såg óg ein heilt ubegripeleg elendig film, Takashi Miike sin Sukiyaki Western Django, ein "eksperimentell" japansk tullewestern etter historia frå boka "Red Harvest", som For ein neve dollar, Yojimbo, Last Man Standing, Kill! &C &C &C... er basert på. Premisset lokkar meg: Japanarar spelar i Western, med alle trappings som moderne japansk film måtte innebære. Diverre hadde tullingen bak sjokkfilmar som Ichi the Killer slått seg saman med Quentin Tarantino, som hadde ei birolle (nei, han hadde ikkje ein cameo, han hadde ei birolle), og serverte oss det værste makkverket eg har sett sidan Shoot 'Em Up. Sweet yeti of the Serengeti dette var dårleg! Styr unna.

Etter Lars skulle det vere filmfest på ein stad som heit Søstrene Karlsen, angjeveleg i samband med filmen. Men då vi kom dit, etter å ha sett ein finurleg, snurrig og low-beat sak, fann vi ein stad tettpakka med BI-student-liknande klientell (pappagutar og bimbos). Heilt tragisk, totalt feil å gå frå ein film om kva som er ekte til ein stad som berre er falsk. Dårlege greier! (Filmen handla mellom anna om ei sex-dukke som vert behandla som eit menneske, og dei hadde sett opp dukker langs baren som eit artig stunt, men det var litt vanskeleg å sjå dei plastikk blant alle bimboane.) Vi gjekk ein annan stad, og drakk oss til mot i staden.

Som eit siste "stunt" rakk vi å snike nokre WT-flygeblad opp i sakene til Erlend Loe og Kosmorama-festivalsjef Nina Steen, så vi satsar på at dei sjekkar oss ut. Moahahaha!

Elles kom vi attende til Os med kofferten full av erfaringar og inspirasjon frå Kosmorama. Vi åt og drakk og lo og såg film og vart sjarmert i senk av nordlendingar (i Trondheim!), og kom attende skråsikre på at festivalen vår blir the shiznitz etter denne lille studieturen. Sjølv om vi fekk beskjed om at det er Tromsø Internasjonale filmfestival vi EIGENTLEG burde reise på. Jaja, til neste år. Vi gledar oss!

Etiketter: ,