on holid on holiday by mistake: Ted Fest

11 mars, 2008

Ted Fest

Feck! Arse! Drink!
OM DU IKKJE har sett Graham Linehan (Black Books, The IT Crowd sin aller beste serie, "Father Ted", bør du sporenstreks stikke hit og bruke pengar.

"Father Ted" er kanskje den mest blasfemiske serien nokon sinne laga - ein engelsk sitcom om tre irske prestar bannlyste til avsidesliggjande Craggy Island for diverse grunnar (den eponyme Father Ted for underslag - "The money was just resting in my account!", Father Dougal for diverse strekar meir eller mindre som følgje av at han er ein komplett idiot - "Ah! They were only nuns", og Father Jack for, eh, lat oss berre seie for å vere Father Jack). Serien harselerer hemingslaust med Den katolske kyrkja, irar og landlege folk (både Linehan og hovudrolleinnehavarane er irske), med ein rå humor som berre britar (i den mest liberale tydinga av ordet - dette er jo irar!) kan lage. Serien gjekk på Channel 4 mellom 1995 og 1998, og døydde diverre med hovudrolleinnehavar Dermot Morgan, som gjekk bort ved hjarteinfarkt.

Sidan folkeopplysning er det vi hovudsakleg driv med her, ynskjer eg å melde om at The Guardian har eit herleg biletgalleri frå den andre årlege Father Ted-festivalen, Ted Fest, som gjekk av stabelen førre veke.
(frå BoingBoing)

(edit) Her er eit klipp av eit av mine absolutte favorittaugneblinkar frå serien:

Etiketter: ,