Madonna sin regidebut.... bra?
På den eine handa står Madonna for alt som er gale med verda (eg vel å ikkje utbrodere), på den andre sida ser dette ut som ein film... eg kjem til å lika. Herleg sigøynerpop, frekke ballerinatøs, lettfeldig omgong med prostitusjon, store bartar, Richard E. Grant i ei birolle - kva er det ikkje å bli entusiastisk av ved dette?
Filth and Wisdom byrja som eit kortfilmprosjekt, og berre balla på seg, til Madonna stod med ein 80-minuttar lang indiefilm mellom hendene, som Screendaily kallar "no better or worse than the averahe creaky low-budget Britfilck", som, med tanke på at den gjennomsnittelege lågbudsjetts Britflick eigentleg er ganske bra, er utruleg nok gode skussmål(!). Eg kjem framleis ikkje over at eg har positive forventningar til denne filmen. Etter at eg har skrive dette kjem eg til å gå i dusjen og synge "The Crying Game" medan eg skrubbar meg sjølv til blods. Men på den andre sida, dersom Madonna har suksess med dette prosjektet kan det jo hende at ho legg den grufulle musikkarierra si på hylla og konsenterer seg om å lage film om mannlege sigøynarprostituerte på heiltid, og eg trur vi alle kan vere fint einige om at det hadde vore for det beste. Kanskje vi til og med greier å gløyma "Die Another Day" - tittelsporet som øydelagde karriera til Pierce Brosnan.
Her er uansett taileren, via Slashfilm.