Ghostbusters 3 i pre-produksjon

Det er produsentane av den amerikanske versjonen av "The Office", Lee Eisenberg og Gene Stupnitsky som har fått jobben med å koke i hop eit brukbart manus med det originale castet. Kvifor Harold Ramis og Dan Aykroyd ikkje skal skrive manuset sjølv, er uvisst. Det virkar litt rart å ikkje stole på suksessformelen - dei to skreiv båe føregåande installasjonar, og Ghostbusters var Columbia sin største kassasuksess ever før Men in Black og Spider-Man. Dei to nye manusforfattarane har samarbeidd med Ramis før på Jack Black/Michael Cera-komedien Year One, som kjem ut til neste år, så det kan bli ein god indikasjon på korleis dette samarbeidet vil gå.
Alt ligg vel an til å bli gull, så lenge dei held seg borte frå den noko ukjende originale Ghost Busters, ein tv-serie frå 1975:
Eller er det eigentleg dette vi treng ein remake av...?
(via io9)
1 Comments:
it is great news they are going to make ghostbusters 3
Legg inn en kommentar
<< Home