on holid on holiday by mistake: Paul Newman 1925-2008

28 september, 2008

Paul Newman 1925-2008

Ei av verdas absolutt største filmstjerner - og då snakkar vi om den typen skodespelarar som verkeleg har rett til å kalle seg stjerner, har gått bort etter sin kamp mot kreft.

Ei uttalelse frå Newmanfamilien lyd, “His death was as private and discreet as the way he had lived his life.”

I tillegg til å vere kjend frå seminale verk som Butch Cassidy & The Sundance Kid, Katt på hett blikktak, Cool Hand Luke, Inferno i flammer, Stikket, og sist men ikkje minst introdusert til ein ny generasjon som Doc Hudson i Biler, var Newman også ein forkjempar for økologisk mat, og stod bak det økologiske varemerket Newman's Own, som gav alt overskot til veldedigheit.

Eit stort tap for filmverda; Newman var ein utruleg dyktig skodespelar, og ei klippe av ein mann.