on holid on holiday by mistake: Ph'nglui mglw'nafh Hastur Blogspot wgah'nagl fhtagn

07 september, 2008

Ph'nglui mglw'nafh Hastur Blogspot wgah'nagl fhtagn

Den gudfryktige manns Dom DeLuise, kjendisbloggaren Hastur (i feriefotoet til venstre, der han poserer villig vekk utanfor den mytiske byen R'Lyeh), har flytta husvære frå det tvilsame og tilsynelatande fascistiske nettsamfunnet EnjoyDiary (ED), og slått seg ned her på Blogspot. No vert han å finne under tittelen Profeten Hastur,og kjem til å halde fram med å blogge om ulumske styggedomar som nazistar, Ayn Rand, og Vladimir Putin, lett ispedd nerdeting som film, teikneseriar, spel, og popkultur.

For dei som er interessert i nøyaktig kvifor skjeggemannen vart ekskommunikert, les hjå ein av deira eigne brukarar, før også han vert utestengd frå nettsamfunnet - eine og aleine for å setje spørsmålsteikn ved metodane nettsamfunnet tek i bruk for å få bukt med denne irriterande ytringfridomen.

Vi har mast på fyren for å få han ut av den bula av tenåringsangst i fleire år, og ynskjar han velkomen hit, så lenge han hugsar kven det var som gav han tilnamnet "Mad Mullah" (det finst fotobevis, og luchadormasker var involvert). Rekn med gjesteinnlegg frå Hastur her seinare på hausten, når det nærmar seg filmfestival.

7 Comments:

Blogger Mad Mullah Hastur said...

Takk skal du ha kjekken,
og ja Mad Mullah Innleggjet er nok blant dei første som Profeten (ære vere ved mitt namn) skal grave fram frå arkivet denne veka.

;-D

3:23 p.m.  
Blogger Christian Brandt-Hansen said...

De bør forøvrig begge lese den flotte teikneseria som er laga med utgangspunkt i bilete redaktøren her kallar R'lyeh. Målaren har forøvrig eit fint knippe andre bilete med fantastiske motiv.

12:59 p.m.  
Blogger Mad Mullah Hastur said...

Men Mynock då, då må du nesten servere følgjande teikneserie til oss. Elles har vi ingenting å lese på må du skjønne!

4:56 p.m.  
Blogger Christian Brandt-Hansen said...

Veit ikkje heilt om eg vil det, når eg tenkjer meg om. Har ein tanke langt bak i hovudet om å bruke delar av han i ein eller annan samanheng. Om eg berre kjem så langt... :p

10:55 p.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

Vi ventar i andelaus spaning... Når skal du snikre i hop eit innlegg her då?

10:57 p.m.  
Blogger Mad Mullah Hastur said...

Du er ein forbanna snik, Mynocken. Seier a, men ikkje b! Py på deg!

11:27 p.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

Ja, kom igjen! Er det noko rollespelgreier veit du at eg mest sannsynleg ikkje kjem til å vere med på det uansett! Hastur, hald deg for augene.

11:36 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home