on holid on holiday by mistake: Don LaFontaine, 1940-2008

02 september, 2008

Don LaFontaine, 1940-2008

Alle trailerstemmers mor, Don LaFontaine, gjekk diverre bort i går, etter komplikasjonar med pneumotoraks, eller lungekollaps.

Don vart eit popkulturelt megaikon som følge av hans unike bidrag til filmhistoria - trailerstemma. Han byrja meir eller mindre direkte som "the voice of Paramount" i 1978 (etter å ha opparbeidd seg ein sterk CV i filmindustrien som m.a. studiomiksar, klippar og produsent), og sementerte seg som kongen av voiceovers over dei neste 25 åra. Du har garantert høyrd stemma hans på tallause trailarar, som Terminator 2, Cast Away, og sågar kanskje 24 og Arrested Development. Don var ein mann med utruleg god sjølvironi, og lo gjerne av at andre vitsa på sin bekostning, som Pablo Fransisco sin klassike stand-up rutine, Previews Guy:




For ikkje å snakka om korleis det blir når alle dei kjende trailerstemmene slår seg saman!:





Om du framleis ikkje kjennar han att, la han introdusere seg sjølv til deg. Du skuldar han det - han har bygd opp forventningane våre til blockbusters til det ekstreme i over 30 år!


Om nokon har stemme til å tala frå grava, så er det denne mannen! (Og James Earl Jones og Christopher Lee, sjølvsagt, men dei er heldigvis framleis blant oss). Kvil i fred, Don, ingen kan lenger tvinga deg til å prøva få ein Keanu Reeves-film til å høyrast bra ut.

(via Slashfilm og MightyGodKing)

Etiketter: