on holid on holiday by mistake: Great Jah's Dreadlocks: Eg deltek i ein internetmeme!

09 desember, 2008

Great Jah's Dreadlocks: Eg deltek i ein internetmeme!

This is highly irregular, Dave!

Ja, kjedebrev og anna ulumsk er noko eg vanlegvis skyr som pesten, anten det kjem i form av SMSar, epostar, MSN Messenger-messages (MMMs?), eller verbale trugslar.

Men når Den skjeggete landkrabben frå Lysefjorden utfordrar meg, då ser ikkje anna råd enn å følge opp.

Her er reglane han har presentert  Den tvilsame humanist:

1. Du må lenke til bloggen som tagga deg.
2. Lag ei liste med seks (u)interessante ting om deg sjølv.
3. Tagg fem andre bloggar, la dei vete det ved å kommentere på deira blogg.


OK.

1. Eg er ein av sannsynlegvis svært få nolevande norske forfattarar som har oppnådd lågare enn 100 på Amazon.com sin Sales Rank (hint: lågt er bra. Boo-yah! Om de no orsakar meg, skal eg gå og svømme i alle royalty-pengane mine. Eller, det hadde eg gjort dersom eg hadde vore ein ordentleg forfattar, og ikkje berre ein ussel, eingongsbetalt freelancer. Sukk.).
2. Eg har alle episodane av "Northern Exposure" på DVD, og det er til dags dato ein av mine absolutte favorittseriar of all time.
3. Grunnen til at eg røykjer er eine og aleine for å tilfredsstille mitt behov for å lese fantasylitteratur. Ein kanskje dubiøs samanheng for enkelte, men like fullt sant.
4. Eg likar tv-seriar betre enn film - ja, eg veit, kokkeliko! Men vel å merkje av typen HBO og Showtime.
5. Eg kan berre mala i svart/kvitt. Mala maleri, altså.
6. Ein gong videointervjua eg Tor-Åge Bringsværd og Jon Bing i ein time, berre for å kutta dei fullstendig frå dokumentaren, og bruka intervju med Hastur i staden. Oy  gevalt!

Eg følgjer ikkje med på så mange norske bloggar som ikkje allereie er affisert av dette, så denne greina av dette kjedebrevet endar med meg. Moahahaha!!