
eg har nett sett filmen eg lenge har drøymd om å lage. det er sjølvsagt forferdeleg trist å sjå at den allereie har blitt laga, men når ein tek med i rekninga at det er ein samuraifilm frå 1968 så er det kanskje ikkje så rart at det ikkje er eg som lagar han... og dessutan er den fordømd god - den er alt eg ynskja lage sjølv!
i
kiru, ved
kihachi okamoto (
zatôichi to yôjinbô (1970) og
samurai (1965) sin regi, møter vi
tatsuya nakadai som ein omstreifande yakuza med fortid som samurai, som havnar opp i ein situasjon som minner han så mykje om omstendene rundt hans val om å gje opp samurailivet at han ser seg nøydd til å gripe inn. ofte presentert både som komedie og som samuraiparodi, er filmen korkje (sjølv om regissør okamoto enkelte gongar parodierer seg sjølve og
samurai, men dette vert meir sjølvironiske detaljar enn noko anna). filmen byggjer merkeleg nok på same historie som akira kurosawa sin
tsubaki sanjûrô (1962)også denne med nakadai, og med
toshirô mifune i tittelrolla, nemleg peaceful days av shugoro yamamoto, sjølv om skilnadane er større enn likskapane (det har meg ikkje lukkast å finne ei utgåve av boka, ikkje ein gong i dei store vevbokhandlane).
tatsuya nakadai må vere ein av mine absolutte favorittskodespelarar gjennom tidene. han er så uforskamma kul at det går ikkje an, anten som genta i kiru, revolvermannen i
yojimbo (1961)og tsubaki sanjûrô, ronin i
zatôichi (så vidt eg veit den einaste zatôichifilmen han gjorde), eller som
kagemusha - spøkelsesgeneralen i
kurosawa sitt mesterverk (1980). faktisk er tatsuya nakadai så kul, at då kurosawa og mifune vart uvenar, tok nakadai over som kurosawa sin "leading man". og
det er faen meg kult.

han hadde eit fjes og ein personlegdom som teken rett ut frå europeisk nouvelle vague, han meistra både komedie, drama og action, alt med uforskamma god mimikk (strengt teke er han ikkje daud, så han har det jo enno), han var (er..) japan sitt svar på
belmondo og
bogart berre sjå dette biletet!
(sjølv om eg berre har lista opp samuraifilmar så var han t.d. glimrande som etterforskaren i kurosawaklassikaren
tengoku to jigoku (high & low, 1963)der han også speler mot sin "rival" mifune).
eg vil ikkje seie så mykje om kiru, bortsett frå at den er fantastisk, og sjølv om det kanskje ikkje er den beste filmen i verda, er det i alle fall den filmen eg hadde lyst å lage. men får eg det som eg vil, så er det det også, hehehe. me får berre vente og sjå...