on holid on holiday by mistake: tilværelsens autopsi

23 november, 2005

tilværelsens autopsi

ja, vore ei stund sidan eg posta sist, men som eg sa til kristian då han klaga, har eg rett og slett ikkje hatt noko å seie. men det er ikkje heilt sant, så det vert ein laaaang post i dag. litt tilværelsens asfyksi igjen, bare med innhald denne gangen...

fyrst av alt har jo fråværet mitt grunna fyrst og framst i det at eg bur der ingen skulle tru at nokon kunne bu. i tillegg har eg jo lenge leve eit bukowskieskt liv med billeg alkohol og sveving i tåkelandskap utan korkje mål, meining eller jobb. men no har eg omsider fått meg ein jobb. eller, ny ringevikarjobb i bornehage, også denne gongen skammeleg nært der eg bur (slik at eg alltid kjem for seint - dette er jo elementær fysikk), og etter no ei veke i bornehagen er eg blitt yndlingsvikaren som dei alltid ringer fyst. nyttar altså å med litt ofring til cthulhu og dagon i ny og ne. så eg får jobbe ein del. kor mykje eg tener anar eg ikkje enno (kjem an på førre offergåve sjølvsagt).
så var det jo denne forliksrådsgreia som enkelte kanskje veit om. jepp jepp, det viser seg at å legge alle rekningar i ein stor haug og aldri opne dei IKKJE er ein god idé. så, for ein månad sidan vart eg innkalla til forliksrådet (grunnlaget for innkallinga skriv eg på i sjølvsame augneblink). eg har fått mykje pes (spesielt av ingvild) for at eg ikkje har vist eit einaste teikn på bekymring sjølv om dette visstnok skal bety at eg ikkje kan ta opp lån (det kan eg ikkje utan fast jobb uansett, og eg er jo allergisk mot fast jobb, så den er grei), ha telefonabonnement (eg har ole henning sitt gamle - framleis registrert på han - der han får ny mobil for ein billeg penge og eg får hans gamle - god deal for alle), eller visa-kort (igjen, noko eg for lenge sidan skjøna at eg ikkje kunne ha; mykje greiare for økonomien med eit sånt et som ein IKKJE kan trekkje over på byen), &c. men etter at eg og representanten for ge money bank (som eg ironisk nok har vore statist i reklamefilm for - eg, tom, fred og ole fann ut at vi ville vite kva vi utsetter skodespelarane og statistane våre for - og tene kjappe kr. 600,- for å gå fram og tilbake for) måtte vente medan rådet gjorde ferdig neste sak, ordna vi liksågodt opp heile greia på gongen. fast avdrag i månaden, ferdig arbeid. og så viser det seg at eg faktisk IKKJE får betalingsmerknad, for lova har endra seg. nei og nei :-P men uansett; eg burde kanskje ha bekymra meg fordi det er uansvarleg å ikkje gjere det? eg veit ikkje heilt; det uansvarlege for meg ville vere å nettopp bekymre meg sidan dette er antitesa mi. då hadde eg vorten heilt sjuk og deprimert og gjedd faen i alt - som t.d. opne brev frå forliksrådet og sånn. så det at eg tok det med knusande ro (skjønt, det byrja svartne for meg medan eg venta på å kome inn, men det kan ha vore ein kombinasjon av både det, og hypoglykemi, sidan eg ikkje hadde hatt lunsj enno og kom rett frå bornehagen) var faktisk det beste eg kunne gjere. så det! bla bla bla. ferdig med den saka.

more to follow.

lydspor: inga liljestrom - all of this

6 Comments:

Anonymous Anonym said...

Penger, it's a bitch my boy. La oss avskaffe marknaden... litt som han sonen til Alois Schicklgruber gjorde i si tid =)

1:03 a.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

hahahaha, veit no ikkje heilt... sånn som schicklgruber jr. gjorde tok liksom litt for av :-P

1:11 a.m.  
Anonymous Anonym said...

mhm... oooh... eg fekk nett ein ny film om han! Uncle Adolf =D

12:11 p.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

LOL!!!

12:22 p.m.  
Anonymous Anonym said...

I shit you not. Heilt flunkande ny. Få nokon til å transportere deg, så ser vi den ikveld ;-)

4:08 p.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

skal høyre med sjåføren. han driv jo og hanglar mot brun-høgre uansett så kanskje han er med :-p

4:33 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home