on holid on holiday by mistake: that explains all the cats

26 november, 2005

that explains all the cats

eg har nett sett filmen eg lenge har drøymd om å lage. det er sjølvsagt forferdeleg trist å sjå at den allereie har blitt laga, men når ein tek med i rekninga at det er ein samuraifilm frå 1968 så er det kanskje ikkje så rart at det ikkje er eg som lagar han... og dessutan er den fordømd god - den er alt eg ynskja lage sjølv!

i kiru, ved kihachi okamoto (zatôichi to yôjinbô (1970) og samurai (1965) sin regi, møter vi tatsuya nakadai som ein omstreifande yakuza med fortid som samurai, som havnar opp i ein situasjon som minner han så mykje om omstendene rundt hans val om å gje opp samurailivet at han ser seg nøydd til å gripe inn. ofte presentert både som komedie og som samuraiparodi, er filmen korkje (sjølv om regissør okamoto enkelte gongar parodierer seg sjølve og samurai, men dette vert meir sjølvironiske detaljar enn noko anna). filmen byggjer merkeleg nok på same historie som akira kurosawa sin tsubaki sanjûrô (1962)også denne med nakadai, og med toshirô mifune i tittelrolla, nemleg peaceful days av shugoro yamamoto, sjølv om skilnadane er større enn likskapane (det har meg ikkje lukkast å finne ei utgåve av boka, ikkje ein gong i dei store vevbokhandlane).

tatsuya nakadai må vere ein av mine absolutte favorittskodespelarar gjennom tidene. han er så uforskamma kul at det går ikkje an, anten som genta i kiru, revolvermannen i yojimbo (1961)og tsubaki sanjûrô, ronin i zatôichi (så vidt eg veit den einaste zatôichifilmen han gjorde), eller som kagemusha - spøkelsesgeneralen i kurosawa sitt mesterverk (1980). faktisk er tatsuya nakadai så kul, at då kurosawa og mifune vart uvenar, tok nakadai over som kurosawa sin "leading man". og det er faen meg kult.

han hadde eit fjes og ein personlegdom som teken rett ut frå europeisk nouvelle vague, han meistra både komedie, drama og action, alt med uforskamma god mimikk (strengt teke er han ikkje daud, så han har det jo enno), han var (er..) japan sitt svar på belmondo og bogart berre sjå dette biletet!
(sjølv om eg berre har lista opp samuraifilmar så var han t.d. glimrande som etterforskaren i kurosawaklassikaren tengoku to jigoku (high & low, 1963)der han også speler mot sin "rival" mifune).

eg vil ikkje seie så mykje om kiru, bortsett frå at den er fantastisk, og sjølv om det kanskje ikkje er den beste filmen i verda, er det i alle fall den filmen eg hadde lyst å lage. men får eg det som eg vil, så er det det også, hehehe. me får berre vente og sjå...

11 Comments:

Anonymous Anonym said...

Har eg nemnt at eg nyleg fekk tak i Criterion utgåve av Tendoku to jigoku på DVD for ein hundrelapp.

Har ikkje fått sett den enno, men eg gleiar meg til første og beste høve.

Filmen høyrdes kjekk ut den, må få ein kopi av den. Har berre Sanjuro eg.

Ein siste merknad er vel det faktum at medan mannen er aldri så kul... så vert han overskugga av Toshiro Mifune i Yoyimbo. Du veit meg, kul og tøff er ikkje gode nok argument... anna enn for kanskje akkurat den filmen ;-)

1:40 p.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

jau... no har eg ikkje lat lenger - se neste post...

11:03 p.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

ps, påstår du at nakadai IKKJE er grisekul i yojimbo og sanjuro?!

11:24 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Heh... eg må ærleg innfrømme at eg ikkje har fått sett Sanjuro enno =P

12:07 a.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

han speler stort sett akkurat same karakter som han spela i yojimbo, sjølv om han vert drepen i sistnevnte. sanjuro er jo oppfølgar på same måte som evil dead II er det, i.e. ikkje heilt..

12:12 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Jau, det veit eg. Men eg har framleis ikkje tatt meg tid til å sjå den. Slemme meg.

12:26 a.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

eg har ikkje sett den på sikkert 10 år, vil veldig gjerne vere med. så tek eg med kiru på cd, så ser vi likegodt den også, og samanliknar etterpå. ;-)

12:30 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Ja, skal låse opp døra eg. Ser deg om 40? :-P
Men for all del, eg har ingen planar imorgon kveld trur eg. Høyr med dei andre.

12:37 a.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

det skal eg. veit at tarjei er litt sulten på noko samuraiaction

12:41 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Mannen er svalten på Samurai Night Fever han

12:52 a.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

haha, glimrande. no går eg til sengs og gremmar meg over den øydelagde pcen, vi talast ved i morgon min kjekke ven

1:19 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home