on holid on holiday by mistake: karius & baktus - tooth fairies

28 november, 2005

karius & baktus - tooth fairies

då os filmsjåarlaug samla seg for sitt vekentlege sosiale lag i dag (med sterkt auka medlemsmasse i og med at halve geriljafilm har teke til å møte opp, kom som vanleg mange rare ting for ein dag.

men den raraste var nok realisasjonen at karius & baktus må vere det fyrste offentlege tilfelle av homofilt partnarskap i noreg. historia er smikkfull med dårleg skjulte hint og referansar (dei bur i ein munn, lev i vertikalt delt tomannsbolig fordi det sjølvsagt ikkje var, unnskyld, husreint å bu i same leiligheit, og skrik etter "loff" i tide og utide. og likar ein lystig trall), så her herskar det inga tvil. eg føler ikkje elaborering naudsynt, her trur eg nok det går eit lite lys opp for alle og einkvar. og så ender jo historia så godt med at dei kjem ut av, eh, munnen gjennom eit, eh, rør. flåten på havet på slutten er jo ein soleklar allegori på kor skummelt det er å vere homofil i eit stort og kaotisk samfunn, så der ein tidlegare har teorert over at våre vener er triste og lei seg er det nok berre i ei overgongsfase før dei adapterer seg til den gråe og triste omverda, og malar den i lystige og varme fargar av rosa og lilla. lukke til, små vener!

eit framleis usvard spørsmål er karius og baktus sine kjøn; det er jo ikkje utenkjeleg at dei er to traktorlesber, det ville jo forklare både klesstil (snikkarbukse og beige - altså kjønsnøytral - genser), og uflidde manke og dårlege hud (det er jo velkjend at traktorlesber ikkje nyttar anletsprodukter).

sånn, då var den myta "busta", og eg tippar mine kjære lesarar søv betre i natt i denne vissa.

hei og hå!

4 Comments:

Anonymous Anonym said...

Men...

Korleis passar dette inne med at Karius og Baktus i Torbjørn Egner sin visjon representerar jødebolsjevismen og dets forsøk på å råtne vekk det tradisjonelle samfunnet (representert av tanngarden). Vel, det er jo openbart, lesbiske og homofile partnarskap - slik som representert av Karius og Baktus, er ikkje av same slaget som den klassiske greske homofilien som nasjonalsosialistar som Torbjørn Egner satt pris på. Nei, det er noko klart kjønsvridande ved det heile - gender bending, for å nytte eit romersk uttrykk. Forholdet mellom dei to ligg milevis langt frå det pederastiske idealet lagt ned av dei store grekarane og vidareført av Der Eigene og NAMBLA (North American Man-Boy Love Association).

*kremte*

Eller noko slikt.

12:24 a.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

som om eg skulle sagt det sjølv, om eg hadde hatt den korrekte fagbakgrunnen. men sidan eg sjølvsagt ikkje er så kvalifisert som hastur, lot eg vere, og overlot podiet til ein eg visste ville kunne elaborere djupare på dette interessante og hittil uutforska feltet. dersom andre har interessante vinklar og synspunkt på dette eller andre felt relatert til torbjørn egner, bes dei hjarteleg kommentere.

12:31 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Det er på tross alt på tide at sanninga om Torbjørn Egner kjem fram ;-)

12:40 a.m.  
Anonymous Anonym said...

du din lille freak:)hihi mn kæm veit du har vel kanskje et point?hehe

2:39 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home