just my usual night out, you know
"Just my usual night out, you know. Went to see an experimental film where nothing happened for two hours. Hung out with a pornographer. Got a job in a burger bar. You know, the usual. "
- bernard (dylan moran), black books, series 1, episode 5: the big lockout

men nok om det, i dag er det sceneshow med dylan moran, ein av dei mine absolutte yndlingskomikarar. mange kjenner han som bernard i den fabelaktige serien black books, men han er fyrst og framst standupkomikar. i dag opptrer han på ole bull teater i bergen, og eg gledar meg som ein liten unge. dei som har høve til å springe ned til kl 8 og prøve og få seg billettar anbefalast på det sterkaste å gjere det.
eg skulle gjerne ha skrive masse masse om dylan moran, men eg trur eg må springe i dusjen og vaske av meg fyllet frå i går før vi stikk til byen! sjønt, moran setter garantert pris på fyllesjuke tilskodarar, så lenge dei blir litt brisne under showet hans også. hehehe.
2 Comments:
Hoi!
Hurra med dagen. Sendte ei melding, men er aldri heilt sikker på korleis det står til med deg og telefon.
Var ikkje noko innlegg her i dag så då før søndagens innlegg gjere nytta. Var jo ikkje så verst den dagen heller.
Blir det litt feiring ein gong, kanskje?
takk takk, var ikkje verdt å nevne her eigentleg...
blir for øvrig ikkje noko feiring.
.jbq
Legg inn en kommentar
<< Home