on holid on holiday by mistake: ingen stadar å gøyme seg for thomas-andré

20 oktober, 2005

ingen stadar å gøyme seg for thomas-andré

eg irriterer meg grenselaust over debatten som no rasar om mobbing i humor, som sprang ut frå kritikk mot harald eia sin karikatur på tidlegare miljøvernminister knut arild hareide. eg irriterte meg grenselaust over idiotien som vart spydd utover eteren i høve otto jespersen sin monolog retta mot dåverande statsminister kjell magne bondevik og hans sjukdom, og eg ser dei same tendensane no: idiotar som ikkje har noko vettugt å seie fjernar det som faktisk er eit reelt problem bort frå der fokus på problemet burde vere.

lat meg utbrodere.

når jespersen gjekk til åtak på bondevik vart det ramaskrik fordi bondevik ikkje tålte at nokon tøysa med han. ærleg tala, eg er ikkje nokon fan av jespersen lenger, han burde aldri byrja i tv, for han var faktisk genial på radio. men eg såg det infamøse innlegget, og eg må ærleg tala seie at det overhovud ikkje var over streken. grunn? bondevik har SJØLV VALD å stille som kandidat som den YPPARSTE OFFENTLEGE PERSONEN i samfunnet noreg, noko HAN MÅ TA ANSVAR FOR SJØLV. dakar mannen var deprimert, må vere snill med han! om han var så deprimert at han ikkje var i stand til å styre landet grunna mental sjukdom BURDE HAN IKKJE STILT TIL VAL IGJEN! han burde rett og slett teke konsekvensane. alle er ikkje skikka til den type jobb; eg kan seie at eg sjølv overhovud ikkje hadde vore i stand til å styre landet, eg har ikkje sterk nok psyke til det, og dette burde bondevik innsett med seg sjølve også. og som den ypparste offentlege personen i landet, i ei stilling han overtydde folk om å gje han (for det er det demokrati går ut på; overtyde folk til å gje deg makt) har han sjølv stilt seg i ei posisjon der han er det individet med minst privatliv i landet, eller burde i realiteten vere det per den tvilsame presseetikken som vert praktisert i kongeriket. ein presseetikk han er klar over. dette legitimiserer automatisk ein kvar parodi eller kritikk mot mannen, han har veld det sjølv.

det var legitimiseringa.

så til problemene ved kritikken: ingen reagerer i det heile på harald eia sin karakter thomas-andré, som m.a. vart nytta av den norske stat i reklameinnslag for å få folk til å springe til røystelokala, faktisk er ein parodi og uthenging av triste sjeler som faktisk finns i dei meir anonyme samfunnslaga våre. men når den mest offentlege personen i landet blir tøysa med, vert det ramaskrik. skjøner de kvar eg vil hen?

denne debatten hadde også eit heilt latterleg, sjukt, og patetisk symptom: einkvar b- og c-kjendisidiot nytta høvet til å stikke dei stygge tryna sine fram frå steinane dei gøymer seg bak til vanleg for å kritisere jespersen for det han hadde gjort (i.e. eit satireinnlegg i eit humorprogram. satire er, sjølvsagt, bruken av ironi, sarkasme, harselas o.l. for å blottleggje eller trekkje fram element som kan definerast som paradoksale eller sjølvmotsigande (i.e. idiotiske, som, t.d., at ein psykiatripasient er statsminister), eller for å narrgjere upassande eller idiotisk oppførsle). det mest påfallande var at desse patetiske idiotane (og eg HATAR idiotar, n'est-ce pas?) var at dei kom frå alle hald og nytta jespersen sin metode "mot" han.

ok, lat oss analysere: her er ein mann, ein offentleg person, men langt i frå så framtredande som statsministeren, som harseleler med at mannen faktisk ikkje er skikka til å styre landet vårt men er så maktkåt at han etterlet våte flekkar i stortingssetet sitt kvar gong han tenkjer på å styre. i kontrast, her er ein mindre framtredande offentleg person, riktignok ein populær fjernsynspersonlegdom, men langt i frå nokon statsminister, som vert uthengt på det grovaste (mykje grovare språk enn det jespersen harselerte med bondevik med) av fjompenissar som såg sitt snitt til å få litt spalteplass eller etertid, og begrunna hetsen sin med "no får han smake sin eigen medisin". kva? har jespersen, saman med HUNDRE ANDRE pr-kåte dustar starta ein dritslengingskonkurranse mot EITT individ som ikkje har ein statsministerpost å gøyme seg bak? er det nokon andre som ser skilnaden?

lat oss gå vidare.

den fundamentale skilnaden mellom å hetse ein politikar mot å mobbe ein anonym person på ein arbeidsplass eller ein skule, som er det "kritikarane" (eg nyttar ordet i lausast mogleg forstand, i og med at kritikk eigentleg forutsetjer saklegdom) påstår at t.d. jespersen og eia frammar mobbing gjennom å harselere med politikarar, er at ein thomas-andré ikkje har eit presseapparat å gøyme seg bak når han kjenner seg trampa på.
bondevik kunne springe og grine på nasjonalt fjernsyn.
hareide kunne også om han ville, men i staden vert han flau over opphausinga rundt dette; han såg jo på det som ei ære å bli karikert av eia.

thomas-andré har ingen stadar å gøyme seg. og det er MANGE thomas-andréar der ute.

men DETTE reagerer ingen på. neida, dei ler i staden. bondevik var sjølv med på å nytte thomas-andré-karakteren i ovannevnte reklamekampanje for å få folk til å nytte røysteretten. for ein hyklarsk kjetter den svinepelsen er, eg frydar meg over at hans politiske karriere er daud, den mannen er grusom.

derimot reagerer ALLE på å hets av politikarar. KVA FAEN?! forbanna dobbeltmoralske nordmenn som kjøper alt dei får servert i vg utan nokon som helst form for refleksjon.

i staden for å rette denne debatten, som ER viktig, dit den høyrer heime, fokuserer dei på å "kritisere" satire mot offentlege personar - personar som sjølv har vald eit liv i offentlegdommen, og difor må rekne med og ta hensyn til at dei vil bli harselert med i satire og humoraugemed som faktisk er viktig for å hindre at politikarane distanserer seg for mykje frå vanlege folk, slik at vi ender opp med ein sjuk diktator, slik bondevik eller hagen fort kunne bli, gjeve høvet.

men til slutt, attende til hareide: dette er så tydeleg ein karikatur - ein parodi der ein dreg særtrekk ut i det latterlege - så latterleg at det ikkje kan forvekslast med mobbing. kritikken er meiningslaus!

det er berre EITT argument som har kome ut av denne debatten som eg tykkjer var verdt å få med seg vidare (alt det andre er berre tullball frå idiotar), nemleg argumenta om iq-bøller, høgt utdanna 40-åringar "som bruker utdanningen sin til å oppføre seg pubertalt lenge etter at de har nådd voksen alder." (nrk.no). utanom dette vert debatten vridd så langt bort frå der den høyrer heime at ein kan bli kvalm av mindre:

istaden for å fokusere på at dei som vert mobba og uthengt og får liva sine øydelagde er anonyme og manglar eit apparat å skydde seg bak, så fokuserer dei på at høgt profilerte personlegdommar, som berre treng å vippe på augebrynet før heile noregspressa og alle mindre kjende personlegdommar kongedømet over kastar kroppane sine foran vedkommande vert tøysa med.

så forfattarane kristin a. sandberg og trond k. o. kristoffersen og tidlegare (TAKK GUD FOR DET) statsminister kjell magne bondevik og resten av "kritikarane" meiner harald eia øydelegg for anti-mobbekampanjen? DET ER DE SJØLVE SOM ØYDELEGG FOR KAMPANJEN!!

alvorleg tala. dette blir for dumt. når ein av oss kjem til makta skal alle idiotar stillast opp foran regjeringskvartalet og gjevast eit nakkeskot.

8 Comments:

Anonymous Anonym said...

Er vi sinna no vennen?

*gje kyllingsuppe til*

er det ein ting eg har lært, så er det at det er mange grunner til å vere sinna, og få grunner til å vere nøgd, her i verda, og det er grunn nok til å ikkje bry seg om det meste.

Medmindre det er morosamt då.
Promp.

1:13 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Jeg er enig.

4:21 p.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

klart eg er sinna, kristian, dette er noko å vere sinna for, og definitivt noko å bry seg med

3:06 a.m.  
Anonymous Anonym said...

"Opp mot veggen, din reaksjonære tølpar!"

4:10 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Du veit Bjørn, det sug av overskotet å vere sint. Folk er utruleg dumme der ute, og eg har enno ikkje funne ut korleis vi kan gjere noko med det.

Forutan konsertleir...

"This one time, at bandcamp..." Sitat Rudolk Höss

12:16 p.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

vegard, du er klar over at VGRD like gjerne kunne vere vigrid? eg får mail om nye kommentarar, med namnet til postaren i subjektlinja, og no trudde eg det var naziar som skulle true meg for det eg sa om naziapar på kristian sin vevlogg :-P

kristian; kan så vere, men av og til er det godt å bli sint. hjelp i alle fall mot apati!

.jbq

11:49 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Revolusjonære svin, dine uttalelsar om naziapar skal straffast. Eg kjenner folk med balltre som kan svinge det betre enn the Babe når det kjem til kneskåler. Trekk tilbake alt du har sagt om oss naziar! Vi er kjekke, intelligente folk vi og.

Meir til forventningane dine?

-Greven av Hagwyck

1:52 p.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

ja, eg gløymde jo heilt å kommentere karoline sitt fabelaktige og totalt velplasserte utsang her (avdi eg heiv meg på telefonen for å finne ut om det var sant - og det var det). god tur, kjære ven!

4:36 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home