on holid on holiday by mistake: asterix: ein terrorist?

10 oktober, 2005

asterix: ein terrorist?

ok, eg veit kva du tenkjer; fridomsforkjempar mot den onde overmakta (i.e. romarriket), men det er faktisk ikkje det eg siktar til. (eigentleg tenkjer du, kor pokker fekk han dette frå ut av det blå, men hugs i førre innlegg at eg nevnte teikneserielesing fordi eg ikkje orkar lese bøker? vel, eg har m.a. gått igjennom alle dei gamle asterix, lucky luke, tintin og sprint-albuma mine).
klart, denne tapre vesle gallaren med trønderbart, vingar i hatten, potetnese, svart singlet og raud pysjamasbukse (ja, kjem han frå fusa eller ser han berre slik ut?!) herjar vilt med romarriket, den antikke sivilisasjonen sin siste utpost, før sånne som asterix satte ein stoggar for lærdom og utdanning, fritenkjing, filosofi, kultivasjon, og seksualopplysing tor ekkel staff ville ha fått tårer i augo av(staff er jo akuell som etterfølgjar av caligula, der han driv og knivar med hastur om smørbollen).
men lat oss sjå på kva asterix eigentlg driv på med: han fér rundt i heile gallia, og mykje anna av den antikke verda også, og brautar seg fram som verst; knusar bankboksar i helvetica (1), trampar ned grasplenar og øydelegg fisket i britannica (2), driv gravskjending i egypt, driv pasientar på diett til vanvidd (eller vassvidd?) på kurbadet i aqua calidae (3), og mykje, mykje anna der brautinga hans går utover, ikkje berre romarar, men dei uskuldige, underlagde folkegruppene, inkludert andre gallarar. han og obelix slår inn dører, trampar søle utover alle golv, blandar seg inn i privat næringsliv, og bankar opp trua dyreartar (ein tiger mellom anna). jaja, tenkjer du, han gjer vel kanskje det; men kanskje han ikkje gjer det med vilje? kanskje han ikkje er klar over denne fryktelege businga?

og det er her vi kjem til kjernen: alt han gjer gjer han med eit lurt, reveaktig smil om munnen. han nyt det, han nyt denne anarkistiske hærverksparaden han har gjennom heile den antikke verda. han har ingen samvit for kva han gjer, alt han og obelix øydelegg, eller kven dei køyrer over. obelix er unnskyldt; han datt trass alt i gryta då han var liten, men asterix dopar seg før kvar einaste vandalhandling (eller burde det vere gallarhandling?) han utfører. nei, ein vere terrorist for å halde på slik, og så smile medan ein gjer det.

og ein siste detalj; liknar ikkje miraculix mistenkjeleg på osama bin laden? her er det nok ein samanheng...

vel, no traskar eg attende til teikneseriane, og tintin. han er i det minste ein sunn, moralsk anlagt kjekk, ung mann, som slett ikkje driv med vandalisme. dupont og dupond, derimot, og kanskje kaptein haddock etter litt for mykje loch lomond... også professor tournesol... jaja, men ikkje tintin. nei, sånne staute karar, det vil gamle noreg ha! og spar homovitsane.

neida. eg elskar asterix, det er ein herleg serie med gladvald, anarki, kommunisme og andre koselege faktorar som diverre manglar i dagens samfunn. tenk om folk banka kvarandre opp med smil om munnen, gjerne med illeluktande fiskar, og så hadde festbankett etterpå? og at ein kunne banke opp talentlause musikarar? då hadde det jammen vore mange som skulle få unngjelde frå slegga mi, ja! eh, uansett...

og forresten; eg reknar med det er fleire enn meg og george carlin som har merka seg at det heiter firefighter, crime fighter, etc., og så heiter det freedom fighter (4)? dei er gærne, desse rom-- øh, amerikanarane...


lydspor: abortion clinic shooting spree

(1) sveits
(2) england
(3) vichy
(4) for ikkje å snakke om TIE fighter?
- berre for å halde på anda, liksom. rest in peace, goscinny.

14 Comments:

Anonymous Anonym said...

Som om eg skulle ha sagt det sjølv gamle ørn!

Smørbolle du liksom =D

11:15 a.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

ja, var det krem i den bollen då? krembolle blir jo enno meir feil formulert føler eg :-P

11:45 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Eg berre lurer på vilken bolle vi eigentleg snakker om :-P

9:01 a.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

den som malcolm mcdowell hadde då han nytta seg av prima noctis :-D

1:31 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Hadde han ein bolle då? Ja, men det var ein vaskebolle... verken krembolle eller smørbolle... eg forstår han ville vaske henda sine eg... denslags er uhygienisk utan reine hender. Så det så.

8:30 p.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

mann, han køyrde handa si i ein bolle med smør, og så stappa han armen opp til olbogen opp i--

ja, det kan vere det same.

:-P

-jbq

12:11 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Var det det?
Trur du fulgte nøyare med på detaljane enn meg...

... spesiell interesse for deg kanskje? ;-)

Og ordet du lette etter var "rumpa"

12:17 a.m.  
Blogger Mona said...

Du har ikke vurdert en litt mer lesbar skrift, da? :p

12:45 a.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

det er eigentleg defaultskrifta til den templaten eg kustomiserte til å bli mi side, men kva tenkte du på spesielt? farge? storleik?

.jbq

3:48 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Trur storleiken er det ho klager på :-P

11:09 a.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

er den for stor? for liten? eg skjønar ikkje heilt..

5:20 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Min gode venn,
*kremte*
den er for liten :-P

8:25 p.m.  
Blogger Mona said...

Den er liten, og..ja.. litt som et bilde med dårlig kvalitet, på en måte :P

10:33 p.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

aha, de nyttar båe to firefox skjønar eg, der standard fontstorleik er mindre enn i internet explorer. prøv å sjå i ie så ser det betre ut. eg nyttar ikkje firefox fordi det er så mykje som ikkje funkar skikkeleg i den vevlesaren enno, mellom anna har den litt vanskar med bilete på enkelte vevsider (og så greier den ikkje mouseover heller for ein eller annan merkeleg grunn). men det kjem sikkert med nye versjonar, og då går eg også over til firefox. men akkurat no er nok vevloggen min best tilpassa internet explorer (sjølv om det sjølvsagt er ein ond vevlesar, men av og til må ein lefle med mørkremakter)

.jbq

11:27 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home