on holid on holiday by mistake: kva med litt fransk etter tysken?

10 oktober, 2005

kva med litt fransk etter tysken?

etter den særs vellukka stereo total-konserten er det no duka for eit av dei andre sære banda eg held nært inntil mitt hjarte. 2. november speler nemleg franske nouvelle vague på hulen. duoen marc collin & olivier libaux diskar opp med coverlåtar på bossanova (eller "nouvelle vague" som det blir på fransk), saman med eit kobbel snacksne franske tøser som syng sensuelt på låtar som dead kennedys sin klassikar "too drunk to fuck", "guns of brixton" av the clash!, "marian" av sisters of mercy, og "just can't get enough" av depeche mode. sistenemnde har ein kanskje har høyrd på ein fjernsynsreklame for subaru eller suzuki eller noko slikt.

utan å bable meir (for eg er jo apatisk og tiltakslaus for pokker, ahaha), så refererer eg heller den nyfikne lesar til å lese denne artikkelen om bandet. fin artikkel, om enn noko meir forutsjåande enn artikkelforfattaren kanskje hadde ynskja.

keisamt? eller blir du med, kristian? så skal eg vere med deg når ss regiment nordland kjem på turné.

lydspor: nouvelle vague (duh!)

5 Comments:

Anonymous Anonym said...

SS Regiment Nordland slutta å turnere då dei vart jaga ut av russland veit du, etter det var det nedover med bandet. Eg høyrer manageren deira tok livet av seg faktisk - ilag med kona. Har du høyrd slikt?

Skal vurdere konsert, men eg må sjå det an økonomisk *sprigne etter møll som rømmer frå lommeboka*

om forskingsrådet snart punger ut går det greit.

11:12 a.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

nei og nei. men det blir ein sjef konsert, eg er nøydd å gå. eg trur at ørjan (barbe-rouge #2) skal være med :-P

11:44 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Skal Klaus Barbie?

Må som sagt sjå pengekassa ann kjekken.

9:02 a.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

same her, men eg elskar dette bandet så dit skal eg sjølv om eg må auke den betydelige gjelda mi...

1:32 p.m.  
Anonymous Anonym said...

har sendt masemail til forskingsrådet no, så kanskjekanskje.

12:18 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home