on holid on holiday by mistake

28 januar, 2009

Vi bur her ikkje lenger

Vi slukkjer lyset her på Blogspot, men har alt tent det på vår nye adresse, blogg.wt-festivalen.no.

Flyttinga vart annonsert for omlag eit år sidan, så det er vel på tide at vi tek hintet og flyttar inn på den nye serveren.

Vi vonar de vil følgje etter, og gjer merksame på at vi fortfarande er i betafasen, så om de oppdagar feil eller bugs, ver venlege å gje ein lyd til administrator.

Med på lasset får eg og Mullaen Hjarandr og Doc Fortune, som vil skriva om henhaldsvis musikk og popkultur. Formodentlegvis vil den late Mullaen få fingen ut og skriva litt meir på ein skikkeleg blogg (eg siktar til Holiday by mistake, Hastur), og våre nye medarbeidarar faktisk levera litt i ny og né. Hovudsakleg blir det vel meg som plagar dykk med nyhende om Doctor Who, så inga endring der.

Vel møtt på den andre sida av veven, og hugs å oppdatere bokmerka dykkar!



26 januar, 2009

Tintin-casting annonsert!

Studioet har sendt ut ei pressemelding med castet til Steven Spielberg og Peter Jackson sin fyrste Tintin-film, med regi av Spielberg, og manus av Steven Moffat (Doctor Who, Coupling, Jekyll), Joe Cornish (Adam & Joe, Big Train) og Edgar Wright (Shaun of the Dead, Hot Fuzz).

Her er hovudcastet:
(Eg legg til at vi tidlegare har meld om fleire av desse)

Jamie Bell (Billy Elliot) er Tintin
Andy Serkis er kaptein Haddock
Simon Pegg og Nick Frost er Dupond og Dupont
Daniel Craig (!) er Rackham den røde
Toby Jones er professor Tournesol
og i tillegg er Gad Elmaleh og Mackenzie Crook (Pirates of the Caribbean) tilknytte, vi kan berre gå ut ifrå at det gjeld rollene som dei to skurkane som bur på Møllenborg.

Det er heilt utruleg, men det virkar faktisk som om Spielberg og Jackson veit nøyaktig kva dei gjer. Dette er fabelaktig casting - legg til at alt blir gjort i ei blanding av 3D-animasjon og filmopptak, som gjer at figurane vert svært likt teikneserien (berre i realistisk 3D).

Vi gler oss!

(via Slashfilm)

Etiketter: , , , ,

24 januar, 2009

Monty Python tener fett på å vere gratis

Monty Python gjorde nyleg sitt omfattande arkiv tilgjengeleg på YouTube - gratis - fordi dei var lei av dei uendeleg mange dårlege piratklippa der ute. Samstundes som dei lanserte sin eigen kanal på YouTube, sende dei ut denne videoen:



No, nokre knappe månadar seinare, viser det seg at i kjøvatnet - og som direkte konsekvens - av dette vågale trekket, har salet av Monty Python-DVDar auka med 23000 %. Tjuetretusen prosent!

Dette er er stikk i strid med kva det vert hevda frå heksejegarane hjå dei store plate- og distribusjonsselskapa. Dei ynskjer avgrensa tilgjengeleg materiale så mykje som mogleg fordi det vil hindra piratvekrsemd, men så visar det seg altså at gruppa som kanskje er større enn Beatles blir enno rikare av å faktisk gje vekk materialet sitt.

Noko til ettertanke?

(via Slashfilm, Topless Robot)

Etiketter: , , , ,