on holid on holiday by mistake: september 2007

11 september, 2007

No Bruce for you!

Eller for oss, alt ettersom. Bruce Campbell takka diverre nei til å gjeste WT Os International Film Festival som æresgjest i år, han svara på forespurnaden personleg, og melde at han var oppteken den aktuelle perioden - men at han ynskja me tenkte på han ein annan gong. Så det er framleis ikkje for seint å sjå Bruce Campbell i Os.

Men det er ikkje berre WT som vert foruten "Brusaren" (som han vert kalla på Os, der han nyt kanskje enno større kultstatus enn i Noreg for øvrig) - Fangoria kunne nyleg (nyleg og nyleg...) melde at Bruce Campbell ikkje kjem til å vende attende til si rolle som Elvis/Sebastian Haff i oppfølgjaren til Don Coscarelli sin brilliante Bubba Ho-Tep: Bubba Nosferatu and the Curse of the She-Vampires.

No skal eg ikkje ramse opp historia bak denne/desse filmen/filmane (eg meiner det står noko om dei i eit tidlegare innlegg uansett), men om ikkje artikkelen i Fangoria er dekkjande nok kan ein jo kose seg med det fullstendige intervjuet med Brusaren, intervjua av Dee Snyder frå Twisted Sister på Fangoria sin eigen nettradio. Fabelaktig!

Skodespelar Paul Giamatti, som lenge har vore knytt til prosjektet som Colonel Parker, hadde følgjande å sei i ein uttalelse til Horroryearbook
“Bruce Campbell was waffling around about whether he wants to play Elvis or not again. So that’s the problem…You gotta have Elvis and you really want him playing Elvis, so hopefully we can get him to do it. If not, I’m sure they will try and find somebody else but I think it’s contingent on whether he’ll do it or not. It’s a great script, a completely insane script. I would love to do that because I love [Bubba Ho-Tep]. It’s a great movie.”

Vel, Brusaren hevdar rolla er "daud for han", og at han aldri kjem til å gjere det.

Vi kan i alle fall slå oss til ro med nye episodar med Burn Notice neste sommar, samt ny bok frå vår kjære folkeopplysar, denne gongen med (i følge Bruce) tittelen "SURROUNDED BY IDIOTS: WHY YOU SHOULD BE GLAD I’M NOT EMPEROR OF THE WORLD.” Og sidan førre boka heitte "Make love the Bruce Campbell Way", så skal du ikkje sjå bort i frå at det IKKJE er ein spøk...

Etiketter:

04 september, 2007

Is the City open?

Ah, eg har nett returnert frå nesten to veker i Tokyo, og minnst eit album eg trur dei aller, aller fleste har gløymd: The City (1990) av Vangelis.

Det seiest at å oppleve Tokyo er nøyaktig slik Sofia Coppola formidlar kjensla gjennom sine karakterar Bob Harris og Charlotte i Lost in Translation (2003). Eg må seie at det er i all hovudsak heilt korrekt, i alle fall i mi erfaring.

Men nok om det, attende til poenget. I 1982 leverte Vangelis lydsporet til Ridley Scott sitt seminale verk Blade Runner, sett i futuristiske Los Angeles anno 2019. Scott lot seg inspirere av Tokyo for å skape sin visjon: Neonlys, merkelege, lugubre sjapper, hybridkultur utan sidestykke; punks av alle slag - det perfekte metropolis in futurum: cyberpunk sjangeren sin hovudstad. Truleg lot William Gibson seg inspirere av Scott sitt "Los Angeles-Tokyo"i sine romanar, og la grunnlaget for den Cyberpunk-sjangeren Gibson er kreditert som forfadar av (Neuromancer kom ut i 1984). Om Tokyo verkeleg var slik Scott (og Gibson) presenterer den i 1983 kan eg verkeleg ikkje seie, men om den er slik i dag? Hell yes. Fusjonen av neonlys, murstein, sement, stål, glas, tre, vatn, asfalt, punks av alle slag, små gatekjøkken på hjul,
fusjon av lydar og luktar av ukjend opphav: annonseringar frå metroen, karaoke frå karaokesjapper, pachinko-bikube-drønning, seljarar frå alle tenkelege butikkar hyle ut sine fabelaktige tilbod over megafonar, gatemusikantar som spelar for å vise at dei kan og ikkje for å tene pengar/matodørar av alle tenkelege nyansar, eksos, smog, luftreinsingsanlegg, parfyme, våt asfalt....

For to dagar sidan (fyrste September 2007) hadde Blade Runner: Final Edition premiere på 64th Venice Film Festival. Historia bak denne "endelege versjonen" av Blade Runner er fascinerande nok til ei heil bok (og, indeed, fleire fins). Wikipedia har mangt å seie om saka, så i stedet for å ramse opp detaljane sender eg dykk like greit vidare dit. Filmen skal etter sigene ha kinopremiere i Europa, men det virkar lite sannsynleg at den vert sett opp i Noreg (det har berre vore snakk om DVD-utgjevinga), men uansett, om eg IKKJE får spesialutgjevinga til bursdagen min om to månadar vil eg aldri tilgje venane mine. Den ser nemleg slik ut (høgre) (og inneheld dette)! Sidan Blade Runner: Director's Cut er den beste filmen eg nokon gang har sett ventar eg eg i andelaus spaning på denne utgjevinga. Men nok om meg - eg starta heile greia med Vangelis, så eg må nesten avslutte med han.

Lydsporet av Vangelis fanga brilliant emosjonane Scott forsøkte å uttrykke gjennom sitt dystopiske bylandskap prega av isolasjon, nedbør og pessimisme, men grunna ei uovereinstemming mellom Vangelis og (ein kan berre anta) produsentane nekta han å la dei gje bruke hans framføring av lydsporet på albumutgjeving, som er grunnen til at det finst eit tulleOST av "The New American Orchestra" (ei samling musikarar kun samla for nyinnspeling av lydsporet for albumet).
Vangelis gav endeleg ut lydsporet som eige album i 1994, men då mellom anna utan det mest kjende temaet, "Blade Runner Theme" (som derimot finst på samlealbumet Themes (1989)). Til dags dato er dei einaste komplette Blade Runner-lydspora bootlegs, men kanhende ein ultimat versjon kjem i høve Blade Runner Final Edition?

Uansett må Vangelis ha likt det han skapte med Blade Runner, for i 1990 gav han som sagt ut albumet The City. Med eit lydbilete som heilt klart gjev assossiasjonar til Tokyo (og L.A., Paris og New York), med Japansk-inspirert gauling (på japansk) a la Kenji Kawai sitt lydspor til Kôkaku kidôtai (Ghost in the Shell, 1995), Roman Polanski(!) som spør etter morgonaviser i grålysninga med annonseringar frå Tokyo subway i bakgrunnen (og kven har vel ikkje vitja Tokyo og teke ein av dei fyrste toga heim kl 5-6 i stedet for siste kl 12?) :

[footsteps]

[voice of Roman Polanski]:
Is the city open?

[voice of Emanuelle Seigner]:
C'est beau Roman, c'est beau.

[voice of Roman Polanski]:
Are there any morning-papers yet?
Too early?
A sandwich.
Thanks.

[footsteps fading]


The City
er det perfekte lydspor til Tokyo - i alle fall om ein kombinerer det med Lost in Translation-lydsporet av (hovudsakleg) Kevin Shields (frå My Bloody Valentine) og litt lett Japansk jazz-ska a la Ai Otsuka (Tokyo Midnight), samt Kenji Kawai - og er eitt av mine favorittalbum den dag i dag.

Etiketter: