Is the City open?
Det seiest at å oppleve Tokyo er nøyaktig slik Sofia Coppola formidlar kjensla gjennom sine karakterar Bob Harris og Charlotte i Lost in Translation (2003). Eg må seie at det er i all hovudsak heilt korrekt, i alle fall i mi erfaring.


fusjon av lydar og luktar av ukjend opphav: annonseringar frå metroen, karaoke frå karaokesjapper, pachinko-bikube-drønning, seljarar frå alle tenkelege butikkar hyle ut sine fabelaktige tilbod over megafonar, gatemusikantar som spelar for å vise at dei kan og ikkje for å tene pengar/matodørar av alle tenkelege nyansar, eksos, smog, luftreinsingsanlegg, parfyme, våt asfalt....
For to dagar sidan (fyrste September 2007) hadde Blade Runner: Final Edition premiere på 64th Venice Film Festival. Historia bak denne "endelege versjonen" av Blade Runner er fascinerande nok til ei heil bok (og, indeed, fleire fins). Wikipedia har mangt å seie om saka, så i stedet for å ramse opp detaljane sender eg dykk like greit vidare dit. Filmen skal etter sigene ha kinopremiere i Europa, men det virkar lite sannsynleg at den vert sett opp i Noreg (det har berre vore snakk om DVD-utgjevinga), men uansett, om eg IKKJE

Lydsporet av Vangelis fanga brilliant emosjonane Scott forsøkte å uttrykke gjennom sitt dystopiske bylandskap prega av isolasjon, nedbør og pessimisme, men grunna ei uovereinstemming mellom Vangelis og (ein kan berre anta) produsentane nekta han å la dei gje bruke hans framføring av lydsporet på albumutgjeving, som er grunnen til at det finst eit tulleOST av "The New American Orchestra" (ei samling musikarar kun samla for nyinnspeling av lydsporet for albumet).
Vangelis gav endeleg ut lydsporet som eige album i 1994, men då mellom anna utan det mest kjende temaet, "Blade Runner Theme" (som derimot finst på samlealbumet Themes (1989)). Til dags dato er dei einaste komplette Blade Runner-lydspora bootlegs, men kanhende ein ultimat versjon kjem i høve Blade Runner Final Edition?
Uansett må Vangelis ha likt det han skapte med Blade Runner, for i 1990 gav han som sagt ut albumet The City. Med eit lydbilete som heilt klart gjev assossiasjonar til Tokyo (og L.A., Paris og New York), med Japansk-inspirert gauling (på japansk) a la Kenji Kawai sitt lydspor til Kôkaku kidôtai (Ghost in the Shell, 1995), Roman Polanski(!) som spør etter morgonaviser i grålysninga med annonseringar frå Tokyo subway i bakgrunnen (og kven har vel ikkje vitja Tokyo og teke ein av dei fyrste toga heim kl 5-6 i stedet for siste kl 12?) :

[voice of Roman Polanski]:
Is the city open?
[voice of Emanuelle Seigner]:
C'est beau Roman, c'est beau.
[voice of Roman Polanski]:
Are there any morning-papers yet?
Too early?
A sandwich.
Thanks.
[footsteps fading]
The City er det perfekte lydspor til Tokyo - i alle fall om ein kombinerer det med Lost in Translation-lydsporet av (hovudsakleg) Kevin Shields (frå My Bloody Valentine) og litt lett Japansk jazz-ska a la Ai Otsuka (Tokyo Midnight), samt Kenji Kawai - og er eitt av mine favorittalbum den dag i dag.
Etiketter: Blade Running
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home