caitlin thomas in: lesbian spank inferno

caitlin thomas er å rekne som ei litterær kvinne. lohan leverte nyleg følgjande grammatiske høgdepunkt om å arbeide med auteuren robert altman, og skal altså spele britisk forfatterinne, og the guardian lurar, forståeleg nok, på korleis ein kan rekne henne som kvalifisert til å late som om ho faktisk kan skrive. sjå berre her: "I am lucky enough to of [sic] been able to work with Robert Altman [...] He left us with a legend that all of us have the ability to do [...] Be adequite."
nettopp...
skjønt, eg har ikkje naudsynt noko i mot at ho speler britisk, i alle fall ikkje etter å ha sett dette. sei kva du vil om lohan, men aiaiAIaiAiaiAiai, for å sitere fred/george... å ja, og denne filmen inneheld tvilsame scener mellom lindsay og kiera. couchio, indeed.
heldigvis, heldigvis, heldigvis (heldigvis for alt anna i verda enn den single nerden i oss, that is) kjem det også ein caitlin thomas-film med fantastiske miranda richardson i hovudrolla. takk gud for det. om det vert felles wrap-party vitast ikkje, men me kan gå ut i frå at miranda i så fall ville kome med følgjande sitat frå sin rolle som dronning elizabeth i blackadder III så fort høvet bydde seg: "First I'm going to have a little drinkie, and then I'm going to execute the whole bally lot of you."
vi let dét tale for seg sjølve.
2 Comments:
Godt å sjå deg tilbake i vigør! Etter den akk så vakre serien med action-figurar har venta i spaning på nye genialitetar, men forige året(!) var veldig stille. Då var det ei gledeleg overrasking at når eg i dag pirka borti lenka til vevloggen din, så hadde det skjedd noko. Bra start på det nye året, det.
Hald fram med slikt og fortsatt godt nyttår, gamle ørn!
skal prøve så godt eg kan... ikkje alltid så enkelt å finne tid til alt, mellom all... øh.. det eg gjer på fritida... som er... øh.... pokker.
Legg inn en kommentar
<< Home