Bruce-O-Rama Roundup
Bruce-O-Rama Roundup
Vel, no er det nokre dagar sidan vi meldte noko om Bruce Campbell sist, så det må naturleg nok gjerast noko med. Og då kan vi jo gjerne ta litt av når vi fyrst er i gong!
Fyrst av alt er det på tide med litt historikk, til glede for nye lesarar!
Universelt hylla som kongen av B-film, Bruce Campbell sementerte seg sjølv som kulthelt allereie i 1981, då han som 18-åring spela hovudrolla i ein skrekkfilm produsert av og med vener.
Manus skreiv dei i lag, og regien var ved ikkje ukjende Sam Raimi, som i dag er ein av verdas mektigaste regissørar med Spider-Man-franchisen under beltet.
Filmen fekk tittelen The Evil Dead, og vart fullfinansiert gjennom hestehandlar og luretriks (mellom anna overtydde Campbell foreldra til å ta pant på familien sin ferieeigedom, og guta ringte rundt til alle bedrifter i småbyen i Michigan dei budde og tagg om stønad).
Det er eigentleg å rekne for eit slumptreff at filmen fekk kultstatus: Gutane melde filmen på Festival de Cannes, der den tilfeldigvis vart sett av Stephen King - som skraut den opp i skyene som den mest originale skrekkfilmen han hadde sett (vås, sjølvsagt, det var jo ein einaste stor mølje av klisjéar - men så prøvde heller ikkje Campbell & co. å lage noko nytt, men å sjekke om dei meistra å lage ein spelefilm - og det gjorde dei!).
Eit kultfenomen vart fødd, og filmen spreidde seg raskt på VHS mellom klamme tenåringshender verda over. (Trivia: Klippeassistent på The Evil Dead heitte Joel Coen, og dette var den fyrste filmjobben til 50% av det som skulle bli Coen-brørne).
Evil Dead har, i tillegg til to filmoppfølgjarar, to spin-off dataspel, fleire teikneseriar, og denne musikalen:
(her er ein kollasj med betre audio av denne fabelaktige låten!)
Den som kom best ut av eventyret var sjølvsagt Raimi, men Bruce Campbell, sjølv om dei fleste store regissørar ikkje vil røre i han med eldtang, er desidert meir populær blant filmfans. Hans tendens til grandiost overspel (med vilje - han tilfører kvar rolle ein solid dose seg sjølv, og slik er Bruce Campbell) gjer han perfekt til pulp-rollar, men mannen har også ein komedisk timing som få kan matche (frå å spele inn tallause komediar inspirert av den klassiske amerikanske komitrioen The Marx Brothers på Super-8 video som ungdom).
Fans av Brusaren veit at han har hatt ytterst få verkeleg gode roller (med kalkunar som Maniac Cop, Moon Trap, og Alien Apocalypse på rullebladet), men det er liten tvil om at når mannen får ein sjans til å verkeleg skine, så gjer han det.
Han gjorde at dei tvilsame seriane Hercules og Xena var såvidt sjåbare, om enn for å vente på om Campbell-figuren Autolycus, tjuvanes konge, skulle dukke opp. Han fekk ein generasjon med filmnerdar til å sjå ein Herbie-film (sic), og han er generelt rekna som den einaste gode fasetten ved Spider-Man 3 (Bruce Campbell har ei cameo-rolle i kvar av dei tre Spider-Man-filmane).
Her heime kjenner nok folk flest han best som Brisco County, Jr., i westernserien frå TV2 (Erik Diesen si rampelysspalte i Norsk Ukeblad i si tid hadde til og med ein profil på han!), samt Army of Darkness, den andre oppfølgjaren til Evil Dead, moglegeins verdas mest kult kultfilm.
Kultheltstatusen gjorde at det var liten tvil om kven regissør Frank Drarabont skulle ha som hovudrolla i filmen The Sand Pirates - filmen i filmen (for å seie det slik) i Jim Carrey-dramaet The Majestic. Dei trengte ein klassisk Hollywood-helt, med kratig hake og glimt i auga. Bruce Campbell var eit soleklart val. (sjå filmplakaten frå The Majestic promo til venstre).
Bruce Campbell har så stor kultstatus at internett snart er fullt på grunn av tributesider om han.
Det finst snart fleire Bruce Campbell-facts enn originalen Chuck Norris-facts (også kjend som Lars Monsen-facts!), og dei går som regel i tralta "Chuck Norris is Bruce Campbell's alter ego that he uses when he feels the need to be less manly."
Hehehe. It's funny, 'cause it could be true. Sjekk ut Uncyclopedia sin oppføring på Bruce Campbell - det burde eigentleg seie alt.
Personleg er eg ein sucker for ein av Brusaren sine sjølverklærte skamplettar, "Jack of All Trades", ein kortlevd TV-serie i beste pulp-steampunk-eventyr-stil. Eg meiner, kven kan ikkje elske denne vignetten??
Bruce Campbell har også skrive bøker, dei to sjølvbiografiane "If Chins could Kill: Confessions of a B-Movie Actor" og "How to make Love! The Bruce Campbell Way". Båe er type memoarar over ei snart 40-år lang karriere, både amatør og profesjonell, og har tonnevis med hysteriske anekdotar som mest sannsynleg er sanne. Campbell skriv med stor sjølvironi og mangel av påtattheit som gjer at fansen sin ukritiske tilbeding av han blir litt merkeleg i kontrast.
Bruce gjer alltid inntrykk av å vere "one of the guys", uansett setting, og det er nok ein av grunnane til at han blir så universelt elska.
Pete Soards hjå 16bit.com møtte Brusaren i 2005 for boksignering under ein pressekonferanse, and this is his story:
Here's what was said when Bruce signed my book.
"Domo?" Bruce asked, pointing to my shirt, "What's Domo?"
"It's my friend's band," I said.
"Oh... uh... so where are you from?" Bruce asked cordially.
"Phoenix," I said.
"What do you do in Phoenix, uh... Pete," Bruce said, reading the stick-it note on my book, put there by the prep-lady in the line.
"I'm a student... kind of," I said.
"Kind of a student, eh? You mean to say you're not really a student," Bruce said.
"Not really," I said.
"OK, thanks, Pete," Bruce said.
I nervously walked away.
"Say, Pete?" Bruce called out.
I hoped that maybe he had finally seen the gimmer in my eye that let him know, this man must be my loyal sidekick.
"Yes, Bruce?" I asked.
"We're all students of something, aren't we?" Bruce asked.
"We are indeed, we are indeed," I said.
Bruce smiled that famous Bruce smile and nodded knowingly, as I walked away book in hand.
Når det gjeld alle drittfilmane han har spelt i, hadde Bruce dette å sei under den same pressekonferansen (for boklanseringa og for å promotere regidebuten sin, The Man with the Screaming Brain):
"What's your worst movie?" one person asked.
"Well, I'll do it like this. I'll turn my back and you can shout out movies and I'll see if you name my least favorite."
Bruce turned around for about two seconds. The audience shouted out titles like "Congo," and "Serving Sara."
"Alright, alright," Bruce turned around and said, "I could be there all night as you name every movie I've ever appeared in."
"You know sometimes it's really hard to gauge when a film will do well. I mean I've been in some A-pictures that I thought would have been blockbusters," people started again shouting out films and some picture involving a sea snake.
(...)
"OK, miss, pretend you are a Hollywood actor and I'm a famous Hollywood producer. I'll pitch you a movie and you will tell me if you would make this movie with me."
"The movie has the editor from E.T. It has the director of photography who won a Oscar for Empire of the Sun. The screenplay was written by the writer who did Jurassic Park and it is based on a book by the author of Jurassic Park. It also has all of Steven Spielberg's producers involved in it's production. Would you make this film?"
"Sure," the young woman said.
"Congratulations, you just did Congo."
Roundup:
And Cream har eit ferskt intervju med vår helt, der vi riktignok ikkje lærer noko nytt, men som er artig lell! Les det her.
Vår ven My Name is Bruce-forfattar Mark Verheiden blir intervjua hjå Fearzone om m.a. Evil Dead-teikneserien sin, og ein film eg trur de kan gjette namnet på. Det kan du lese her.
My Name is Bruce har verdspremiere under East Lansing Film Festival 13. Mars, der Bruce kjem til å vere tilstades.
Sjekk også ut denne sida, Science Leads to Zombies med Bruce Campbell's Zombie Survival Tips. Brusaren har eigentleg ikkje noko med dette å gjere, utanom å vere, vel Brusaren. Men det var like fullt artig.
Bruce har forresten også vore med på Robot Chicken, i det som kanskje må vere den sjukaste cameoen han har hatt (og han har hatt mange!):
(PS, om du har lite å gjere på, så finst det mange gode timar med absurd moro om du følgjer den Robot Chicken-lenka.)
Etiketter: bruce-o-rama, Popkult, Vås
3 Comments:
Du har deg sjøv å takke for at eg ikkje les dei andre blogginnlegga dine idag. Eg kjem heim og finn denne lange remsa på toppen av alt eg har å lese, eg er brisen og trøytt.
Sove no.
Me love the Bruce, by the way.
Er det tilfellet at han hatar Jack of all Trades? Det er jo kjempefestlig!
Ja, ironisk nok forsvarar han Hercules og Xena, men ristar oppgitt på hovudet av seg sjølv grunna Jack of All Trades. Eg anar ikkje kvifor - eg elskar den serien!
Legg inn en kommentar
<< Home