Rosenkrantz og Gyldenstjerne er... vandøde..?
Ein av mine favorittfilmar er filmadapsjonen av Tom Stoppard sitt eksistensialistiske skodespel Rosenkrantz & Guildenstern Are Dead, skriven og regissert av Stoppard sjølv, med Tim Roth og Gary Oldman. Den filmen var ganske høgtsvevande når eg såg han fyrste gong på tidleg nittital, men eg er ganske sikker på at denne adapsjonen her set ny standard...
Debutregissør Jordan Galland hadde lyst til å lage ein oppfølgjar til Stoppard-skodespelet heilt sidan han var med å setje det opp på teater i highschool. Ein kan lure på om kva det var som fekk han til å skrive inn mafiaen, Den heilage gral og vampyrar når han endeleg kom i gong med det. De trur eg tullar? Vel, ta ein titt på dette:
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home