on holid on holiday by mistake: berre for å ha sagt det

25 september, 2005

berre for å ha sagt det

i dag fekk eg eit hjarteleg gjensyn med min kjære og eminente ven og kollega kristian (hastur) sin vevlogg, som eg har klaga over mangelen på ei stund no. ho har nemleg vore nede grunna problemer med hardwaren til dei som driv han, og det var synd, for det hadde blitt eit lite rituale å sjekke epost og hastur sin vevlogg i same slengen kvar dag. faktisk noko av det som motiverte meg sjølve til å ta til å skvaldre på dette viset var mangelen av hastur sin.
uansett.
som min kjære ven påpeiker i dagens innlegg hevdar eg at "weblog" eller "blogg" burde heite "vevlogg", og derav "vlogg" for kort, på norsk. begge orda er strengt teke berre noko eg har funne på, av di eg tykte "blogg" kling sedvanleg dårleg på nynorsk (spesielt sidan det heiter verdsvev på nynorsk, og ikkje world wide web, som gjev namn til weblog i utgonspunktet). at "genia" i oslopressa skulle ta til å nytte blogg med to b-ar på norsk er jo heilt idiot i utgongspunktet - web heiter nett på bokmål (og vev på nynorsk) når ein talar om verdsveven. det naturlege namnet på bokmål ville då, i høve "reglane" som skapte ordet blog, bli "tlogg" - "vlogg" på nynorsk.
visvass? like mykje visvass som "ordet" blogg spør du meg. finst ikkje grunnlag for å skape eit slikt ord. men om oslopressa kan, så kan fanden pitle meg eg også. eg erklærer at det på nynorsk heiter "vevlogg", eller "vlogg" om ein vil være tåpeleg, og eg kjem til å konsekvent kalle det vevlogg (hovudsakleg fordi eg tykkjer "blogg" er eit usedvanleg idiotisk ord, som atpåtil kling svært dårleg - det er jo direkte ekkelt).

Blahblahblah, ferdig no.

-jbq.

lydspor: goldfrapp - supernature

4 Comments:

Anonymous Anonym said...

Hastur hadde rett i at sida di var verdt å kikke innom!
Blogg er et teit ord..
Vlogg var litt morsomt.

12:51 a.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

takkar for det! gjengjelder sjølvsagt tenesta.

-jbq

12:59 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Veit ikkje heilt korleis eg rota meg borti dette gamle innlegget (kanskje fordi du har dei eldste på toppen?), men dette har eg òg tenkt på. Før. Eg skreiv vlogg ei god stund. Men folk forstod ikkje kva eg meinte, så, diverre, har eg meir eller mindre kapitulert. Synd. For vlogg er eit fint ord.

3:33 p.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

Falt vel litt i fisk hjå meg óg, men eg forsøker å unngå bruken av ordet "blogg" så ofte eg kan.

12:12 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home