on holid on holiday by mistake: filmfestivalen i toronto

19 september, 2005

filmfestivalen i toronto

look both ways av den australske regissøren sarah watt, har vunne ein av dei gjevaste prisane ved filmfestivalen i toronto, discovery award.

filmen, som handlar om korleis fire vener som slit med liva sine etter å ha opplevd ei grufull togulukke, er ein lågbudsjettsfilm laga på AUS $3,2 millionar, og er spelefilmdebuten til watt, som tidlegare har laga ei rekke animerte kortfilmar.

gnistrande kjekt å sjå at det nyttar, berre ein har trua og ein god visjon, sjølv på andre sida av kloden!

den aller gjevaste prisen gjekk til den sør-afrikanske filmen totsi. filmen, regissert av gavin hood, handlar om ein pøbel (ein tsotsi, eller "thug"), som finn eit forlatt spedborn i bagasjerommet på ein bil.

presseprisen gjekk til sør-koreanske kang yi-kwan, også debutant om ein skal tru imdb, for sa-kwa, historia om "ei emosjonelt skada kvinne som søkjer etter ekte kjærleik" (eonline.com).

det er kjekt å sjå at filmfestivalen i toronto, som mange ser på som fyste indikasjon på korleis oscar-utdelinga kjem til å sjå ut, prisgjer slike smale og interessante filmar over dei typiske, hjernedaude hollywoodklisjeane.

sjølv om alle som interesserer seg for film veit at oscar-utdelinga er ein einaste stor vits, kan det love godt om oscar-utdelinga vel interessant i staden for politisk i år (sjølv om mitt misogynistiske og misantropiske sjølv ikkje tvilar eit sekund på at sa-kwa er med av politisk korrekte årsakar).

og det hadde vore kjekt om grisar kunne fly, lenin kom tilbake, og kate moss inviterte meg på narko-sex-orgiane sine.

for meir om filmfestivalen i toronto: google news

3 Comments:

Anonymous Anonym said...

Og om Lenin kom attende kunne eg fått skyte han då?

Du treng RSS feed pølsa ;-)

1:56 p.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

tja, han ville jo strengt teke vore ein zombie, eller noko anna vandaudt, så værsågod. no har eg ikkje så frykteleg lyst på flygande grisar eller kate moss-narkoorgie, det var meir ein talemåte, din pedant..
og pølse kan du vere sjølv :-P

-jackieboy

2:43 p.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

...ettersom eg HADDE xml heile tida, og her sat eg og knota med å lage ein til deg, din svinepels! ;-)

2:43 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home