on holid on holiday by mistake: televisert dumskap

19 september, 2005

televisert dumskap

eg har i seinare tid fornya mitt hat mot søppeltv (hovudsakeleg på tvnorge og tv3) grunna auken i mengda kjendislivprogram. (eg har med frykt og beven oppdaga at vi har ein heil kanal med program som berre handlar om kjendisliv... heldigvis er det ingen som tvingar meg til å sjå på den. eg skal også unngå å namngje kanalen, for å skåne potensielle lesarar av vevloggen min).

eg ser med uro på denne utviklinga; denne flommen med slike hjernedaude fjernsynspostar, som ikkje har nokon som helst å bidra med, og appellerer utelukkande til voyeurinnstinktet i kvarmannsen, slik som med enkelte formar røyndomsfjernsyn, som big brother. kva faen?! eg drit vel i at mischa barton drikk seg full på fest og pular kjærasten i heisen sjølv om ho ikkje er 21 eller kva enn, eller at nicky hilton har heile fem vesker av eit eller anna dritdyrt fjomperikingmerke, medan det berre er vanleg å ha ein eller to av denne veska i hollywood! det har ingen ting å seie; at folk bryr seg om slikt er meg heilt uforståeleg. noko er seriøst i vegen med verda.

om ikkje nokon snart tek ei hagle til salongen til han oppbola, homofile stylisten på tvnorge, og stoppar den "sjarmerande" lespinga hans... men vent, kva er det eg seier, eg treng jo ikkje å sjå på. men nokon gjer det, og om dette ikkje er fordummande fjernsyn, så veit ikkje eg. det oppfordrar iallefall til blind vald, eg er sjølv pasifist, men merkar at det rykkar i avtrekkarfingaren kvar gong eg kjem over ein eller annan avdanka d-kjendis som sit og humrar medan han/ho fortel anekdotar om ein meir kjend kjendis som har "puppeslippa" eller snorta kokain gjennom ein £5-setel, sidan dette er einaste måten vedkommande klarar å skvise seg inn i rampelyset på.

det neste blir vel: "kristoffer joner og trond kvist - fulle på garage, medan pia tjelta sitt bryst ramla ut av kjolen på galla i grieghallen!" "ane dahl torp har meir enn fem par sko!" "og du skulle sett anletet på dorthe skappel då toppen bech ankom festen i same antrekk som ho!" på fjernsyn i staden for berre i se&hør... tenk det, då, "se&hør-tv!" kan du tenkje deg noko vondare?!

nei, eg trur faktisk at grunnen til at det appelerer så sterkt til det norske publikum er at vi ikkje er så sabla glamorøse her borte, uansett kva dorthe skappel eigentleg trur. eg meiner, vår mest kjende modell er überskanken aylar. det er heilt utruleg; eg hadde ikkje rørt i den dama med eldtang, eg finn ho og alt ho står for forkasteleg. men då ho dukka opp på nattklubben metro sin wannabe-playboyfest strauma bergensarane til får å få sjå ho. fordi det er det næraste vi kjem glamour i noreg; ein avdanka pornoskodespelar med seriøse vrangforestillingar om seg sjølve.

det irriterer meg; glamour er noko vi ikkje burde trenge; det har inga hensikt og inga verdiskapande effekt på samfunnet. likevel er det noko folk hungrar etter.

kjendisliv meg i rauva. nok eit bevis på forfallet av den kollektive medvita.


ein annan som har bemerka seg denne utviklinga, er justin achilli, tidlegare utviklar av vampire og min tidlegare arbeidsgjevar (der "tidlegare" er stikkordet.. eh... eg drit i kva folk seier, ho låg på bestseljarlista til amazon for pokker!). mannen er kjend for sine utbrot med eder og galle, og hadde dette innleggetwhite wolf sin vevlogg no nyleg.

lydspor: camera obscura - suspended from class