on holid on holiday by mistake: serieomtale: my name is earl

30 september, 2005

serieomtale: my name is earl

eg har nevnt my name is earl tidlegare. no har eg omsider fått sett dei to fyrste episodane (episode 3 går på lufta i sambandsstatane i neste veke), og er klar til å gje dommen.

fyrst bør eg kanskje forklare kvifor eg bryr meg og engasjerer meg i dette i utgongspunktet... vel, eg er jo frykteleg glad i tv-seriar generelt, hovudsakleg på grunn av moglegheitene dette mediet har når det gjeld utvikling av eit narrativ. både karakterane og handlinga (fokus, "pace", tematikk, "mood") kan gjennomgå ulike fasar av metamorfose på ein måte film aldri kan. det er seriane som greier å på interessant vis utnytte dette eg legg min elsk på. eksempel er mange, men spesielt the sopranos, six feet under, dead like me, deadwood og britiske the vice er alle serier som meistrer dette på ein glimrande måte. det subtile plotutviklinga i sopranos, som kan ta sesongvis for å forløyse seg, det sjuke forholdet mellom mora og systera til georgie i dead like me, den surrealistiske mørke spiralen karakterane i både the vice og six feet under sakte steig ned i - det er mange ulike måtar god karakter- og plotutvikling manifesterer seg på. ironisk nok er faktisk buffy the vampire slayer ein fantastisk god serie når det gjaldt karakterutvikling, som eg sikkert kjem til å rable noko om ein annan gong.

attende til earl.

med lovord som "dersom coen-brørne hadde laga fjernsyn, hadde dette vore det dei laga" og andre over-the-top utsegn var det ikkje små forventningar den amerikanske kritikarstanden leverte serien før han kom på fjernsyn (interessant å merke seg at episode ein vart gjeve bort gratis til alle abonnentane av entertainment weekly før han gjekk på lufta. eit veldig merkeleg stunt av nbc). nbc har lenge trengt ein verkeleg solid serie etter at abc har tatt opp konkurransen med hbo, showtime, og andre betalkanalar om å lage "intelligente" seriar (eg set det i hermeteikn avdi sjølv om lost er både spanande og interessant går produsentane framleis i dei mange fellene offentleg kringkasting alltid gjer når dei lagar tv-seriar). og dei manglar ein solid sitcom. så kvifor ikkje fusjonere dei to og lage ein intelligent sitcom?

earl er interessant. earl er artig. earl er sinnsjukt morosam innimellom. earl er godt laga. men earl er overprodusert. produsentane har frykta at dei ikkje skal greie å nå fram til publikummet, og køyrer på med meir artige flashbacks enn naudsynt, alt for mykje musikk (dette er ein av mine spesielle pet peeves), på bekostning av storyline, som i både episode ein og to kjem litt brått på etter stor oppbygging. det er akkurat som om dei byggjer ei kompleks trafikkmaskin, og så tek sykkelstien heim, og earl (gromguten jason lee) forklarar det i voice-overen som om det skulle vere den enklaste sak i verda.

synd eigentleg, for det er ikkje så mykje anna å trekke ned på, fordi dette er sex in the city utan sexen, byen, og glamouren, og burde fortent 44-minuttars episodar, ikkje 24 som ein annan studiositcom.

og karaktergalleriet er heilt herleg. earl er trailer trash, kona joy, orsak eks-kona hans ( jamie pressly) er seriøst trailer trash, broren til earl vert spela av ethan supplee, altså willem frå mallrats (og det seier eigentleg alt). merk også spesielt joy sin nye mann, "crab man", som har nokre heilt geniale gullkorn utan at eg skal gå inn på det no.

skodespelarane gjer ein ganske brukbar jobb, og manusforfattarane er ikkje heilt ubrukelege. men det kjem ikkje til å hjelpe: seriar har alltid småproblem som dei klarar å jobbe av seg om dei overlever fyrste sesong. mang ein kanonserie har sprunge ut av ein talentlaus fyrste sesong, så eg har tru på at earl kunne ha klart seg. men eg tvilar på at nbc, som har omlag like mykje integritet som eit tøffeldyr, let serien leve så altfor lenge. earl er ein fantastisk anti-helt, men nbc treng ikkje fleire anti-heltar enn eigaren sin (bill gates), og eg tvilar på at dei kjem til å halde på dette for lenge. det gjenstår jo å sjå, eg vonar sjølvsagt at dei gjer det, for eg likte dette ganske godt. ikkje noko eg hoppar opp og ned for (til det har eg jo som kjend stereo total, men openbart noko eg kastar bort bandbreidde og tid på å skrive om.

vi får sjå, eg kjem i alle fall til å følgje med på utviklinga. det er i alle fall ikkje høy.

2 Comments:

Anonymous Anonym said...

Eg går utifrå at det er eit medvite trekk å ikkje snakke om Babylon 5, kremen over alle serier når det gjeld byggjing av tematikk og utnytting av karakterrelasjonar over tid. Buffy du liksom. ;-)

Men det eg sitt og lurer på er kva det er med denne earl serien som skal få meg til å sjå den. kva er det med den som er så spess. Meg lurer, for det er som kjendt 90% søppel der ute.

Velvel, attende til arbeid kjekken.

1:31 p.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

vel, det er neppe ein serie for deg, det kan eg sei deg no med ein gong.

og dessutan, du gløymer at babylon 5 sug vilt og hemningslaust og at det berre er du som lid av vranforestillingar :-D

2:28 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home