on holid on holiday by mistake: are there any morning papers yet?

26 september, 2005

are there any morning papers yet?

sitatet ovanfor er henta frå vangelis' the city, frå 1990 eller deromkring. mannen som leverer replikken er ingen ringare enn roman polanski.

polanski har lenge vore ein av mine desiderte favorittar blant dei mange ypperlege forteljarane og regissørane der ute. om det er fantastiske, heilsprø komediar som the fearless vampire killers, or: pardon me, but your teeth are in my neck (1967) eller roman polanski's pirates! (1986), intense thrillerar som chinatown, frantic (1988), eller la neuviéme port (1999), eller gripande drama, som hans nest siste, the pianist leverer polanski arbeid som gong på gong markerer seg som både unike og meir virkningsfulle enn liknande verk (la neuviéme port er for øvrig ein av mine favorittar).

no kjem snart hans nyaste prosjekt, som hadde førpremiere i praha i helga, nemleg hans etterlengta filmatisering av charles dicken's oliver twist. eg skal ikkje bable like mykje som vanleg, men eg gledar meg svært til dette. i rolla som fagin finn vi uforlignelege ben kingsley, medan 12-år gamle barney clark speler oliver. polanski uttalte på ein pressekonferanse i høve premiera at han "was very sure that our Oliver Twist should not have the angelic look of the cherubs that I saw in my predecessor's adaptations".

filmen har også fått mykje merksemd grunna "eksperimentell" bruk av "obskur" lyssetting, mellom anna ved å la karakterane bli redusert til silhuettar som står fram sterkare jo mindre av karakterane som visast. det er jo sjølvsagt ikkje noko nytt med denne teknikken, som vi kjenner godt frå skrekkfilm, spesielt frå 20-40-talet, og som nyttast, i større og mindre grad, i filmar som fritz lang sin m frå 1931, og robert wiene sin das kabinett des doktor caligari. eller tilmed i frank miller og robert rodriguez sin sin city.

uansett... polanski sa vidare i pressekonferansen, "I wanted to do something totally different because I think that those [special effects] films mostly are mindless and bringing up the generation of viewers that are insensitive to any kind of emotion that transpires from the screen, they are only waiting for the next deafening sound or the next breath taking effect."

har han rett?

åja!!

gleder vi oss?

åja!!

lydspor: nouvelle vague - nouvelle vague