on holid on holiday by mistake: Why don't they show any porn in the morning?

27 september, 2005

Why don't they show any porn in the morning?

ikkje så mykje å melde om i dag. eg og ole held fram med intervju med wt-festivalgjengen, som vi har sysla med dei siste dagane (og som vi burde gjort i desember i fjor, eigentleg...).

eg har omsider fått fatt i the jacket som eg skal kose meg med seinare i kveld. den har eg gledd meg til å sjå, og gjekk glipp av han på kino då eg var i brasil.

ellers, utanom ei feide med hastur på hans vevlogg om kven som er best av frankrike og tyskland (eg er jo den frankofile, han er svastikaelskaren), har eg rota meg borti ein islandsk vevlogg tilhøyrande ei ved namn esther. eg reknar med at ho er hyggjeleg, men eg forstår svært lite av samtalane i form av kommentarar i vloggen hennar, på henhaldsvis nynorsk og islendsk... mykje moro det.

og i morgon er det stereo total-konsert på kvarteret. denne herlege berlinduoen har omsider teke vegen hit, i høve phonofestivalen på det akadummiske kvarter. sjølv om det nye albumet "do the bambi" ikkje kan måle seg med klassikarane "musique automatique" og "my melody", er det slett ikkje gale, om enn noko monotont. eg reknar med vi får plenty gamle klassikarar også! DETTE er tysketing eg kan like, hastur! (forøvrig er FRANÇOISE CACTUS FRANSK! så det så. :-D )

no må eg gå, for intervjuobjektet skal plukke meg opp. skulle berre mangle, her køyrer vi gonzostil, så klart.

7 Comments:

Anonymous Anonym said...

Eg skreiv ein lang kommentar, men den posta seg ikkje. Så dentar eg med å gjenta meg sjølv. Så det så.

Tøs :-)

10:51 p.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

haha, det er greit. eg er jo ganske glad i tyskland eg også, men det vert ei prinsippsak gunna all franskehetsinga di :-D

likar du verkeleg yoran og etienne SÅ dårleg? :-P

10:57 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Dei jævla horene, eg skal ete milten til Yoran med ein sløv skjei... og det veit han. Difor han elsker meg og vil ha trekant med meg og kona på fransk vis, heilt sant.

Forutan det skulle eg seie det at Stereo Total er tysk franske. Meg like. Du like. Og medan du kanskje ikkje liker Do the Bambi albumet like bra, så må du vel innrømme at den har eit par instant classics som gjer plata hørbar; eg snakkar då om I am naked, Europa Neurotisch og tittellåta Do the Bambi.

fine saker.

Klar for imorgon no, ja. Pip meg iløpet av morgondagen så preikast me.

No skal eg lalle. Og eg hikker.
Skal eg skrive ei bok om undeads til neste år?

12:51 a.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

kjem an på kven du skal skrive ho for :-)

om eg finn att kapitlet om undeads frå den uutgjevne creaturesboka til harp eg gjorde for ice, trur eg undeadskapitlet er ganske bra. litt nyskapande (som var intensjonen min med alle udyra i creatures-boka). du kan sikkert stele noko der om du likar det.

12:58 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Heh. Gjer eg nok isåfall. Har sagt meg villig til å skrive Book of the Damned til Victoriana. Så får vi sjå om eg får oppdraget. Vert truleg ein kollaborasjon mellom meg og Chad sidan vi er to horrorfanatikarar og han jobber overfor chaosium og. Og så jobber vi godt ilag.

Vi er sjuke og alt det der :-P

1:01 a.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

hehehe. lovar godt. av og til angrar eg på at eg slutta som spelforfattar, men eg kunne ikkje hatt deadline å jobbe mot; det funkar berre ikkje for meg - eg må kunne vere fri for press. funkar dårleg i ein kommersiell setting, men eg pumpar jo ut filmmanuskript for tida, nettopp fordi eg ikkje .....

1:10 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Jeh.
Eg treng berre noko å gjere på eg vettu. Skulle likt å stått fri for tida, men eg har jo null inspirasjon og motivasjon, då er det greit å ha nokon å jobbe med.

11:41 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home