on holid on holiday by mistake: orsak, men nyttar De dette anletet...?

19 september, 2005

orsak, men nyttar De dette anletet...?

forskarar i sambandsstatane har no etter sigande utvikla ein teknikk som gjer at dei kan transplantere anletet til ein daud person over på nokon som har fått sitt eige øydelagd, i følgje electric news. artikkelen samanliknar prosessen, som tek 8-10 timar å gjennomføre, blir vald basert på hudtype, alder, kjønn og hudfarge. det seier seg med andre ord sjølve at det ikkje blir verdas lettaste sak å få seg eit nytt anlet.

funky.

det høyrest jo i utgongspunktet ut som ein fin måte å gje ulukkeramma attende livet, om enn med ein noko annan identitet, det lovar godt for folk på flukt frå lova med mykje pengar å kaste bort, eller ein heil bråte nye darkman-filmar.

det som uroar meg er at legen som oppfann teknikken leigde face/off på video som ein del av researchprosessen sin...

"hello, doctor. i hope you don't mind: i took a few of your groovy painkillers. i'm just enjoying some of your greatest hits here. oh god, this is excellent. oh, bravo. bra-fucking-vo." --castor troy, face/off

2 Comments:

Anonymous Anonym said...

Eg hadde ein artikkel om det der liggjande, men eg fann den ikkje att no. Så då får det så vere. Prosessen er iallefall veldig interessant, men vi veit enno ikkje om det fungerar, og ein vil jo verte avhengig av heftige medisiner resten av livet. Og det er jo ikkje nødvendgvis gøy.

12:15 a.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

nei, det er alvorlege greier. det er difor eg stiller spørsmål vet at legen som står bak såg face/off for research...

12:25 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home